Ordførarkandidatane svarar

Klikk for stort bileteMed mål om at usikre veljarar blir sikre på kva dei skal velja ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 9. september, vil ordførarkandidatane svara på spørsmål knytta til kommande politiske fireårsperiode. Her svarar Kyrre Lindanger (44) frå Bokn Ap.

Kva slags politisk bakgrunn har du?

Eg sat samanhengande i kommunestyret i 12 år, frå 2003-2015 og i perioden 2007 – 2015 som ordførar. Vidare kan det nemnast at eg har vore styremedlem i Haugaland Kontrollutvalgssekretariat, styremedlem i Haugaland Vekst, leiar av representantskapet i Haugaland Kontrollutvalgssekretariat, medlem av representantskapet i Karmsund Havn (Nestleiar 2011-2015), medlem av representantskapet i HIM (leiar 2011-2015), styremedlem i Lokalsamfunnsforeningen, styremedlem i Stavangerregionens Europakontor, styreleiar Nordsjøvegen og nestleiar i Politiforbundet Sør-Vest. Endeleg var eg i seks år styreleiar for Bokn Ap.

Kvifor bør du bli ordførar i Bokn til hausten?

Oppvaksen som eg er i bygda og med lang erfaring både som ordførar i Bokn og gjennom andre politiske verv, kjenner eg kommunen, bygda og kva utfordringar Bokn står framføre. Også yrket mitt i politiet har gitt meg innsyn i ulike utfordringar øyane her møter.

Slik skaffa eg meg eit omfattande politisk og administrativt nettverk og nyttige kontaktar med folk i andre kommunar, fylkeskommunar, statlege organisasjonar og i næringslivet. Alt dette vil danna eit solid fundament for ordførarvervet og verta til stor nytte for kommunen.

Endå meir grunnleggjande er det likevel at eg sidan gutedagane har brunne for Bokn. Styrken min ligg i eit ektefølte engasjement for bygda og eg meiner det har gitt meg evna til å sjå samspelet mellom einskildmenneska og samfunnet, og samfunnet i eit større perspektiv.

Målet mitt som ordførar er både å setja Bokn på kartet og å vera synleg, lyttande og tilstades med ei open dør for alle.

Kva er dei viktigaste sakene for deg i kommande periode, og kvifor?

Overordna er det å gjera Bokn til ein betre stad med særleg omsyn til dei som treng det mest. For å få det til, vil det viktigaste vera å leggja opp til auke i folketalet, sikra den kommunale økonomien og å sikra og skaffa fleire arbeidsplassar i bygda. Dette trengst  om Bokn skal bli ein komplett kommune med råd til å yta optimale tenester der folk bur. I ein slik samanheng vil me prioritera å sikra, og å rekruttera, medarbeidarar med god kompetanse. Målet er i størst mogleg grad å oppretthalda dei kommunale servicefunksjonane innan Bokns eigne grenser.

Kva er dei viktigaste investeringane for kommunen dei kommande åra?

Bokn kommune har gjennomført mange store og tunge investeringar dei siste åra; Fleirbrukshall, ny Føresvikveg, utbygging av sjukeheimen, nytt vassverk, fiber, utbygging av barnehagen m.v.  Difor må det dei neste åra leggjast vekt på å betala ned gjeld. Det trengst vil me sikra ein bærekraftig økonomi som er føresetnad for gode kommunale tenester. Me må altså ha økonomi for å fylla dei nye bygningane med innhald. Og det neste løftet vårt blir å byggja ny skule.

Kva er dei viktigaste utfordringane for Bokn framover?

Dagens regjering meiner sentralisering og størst mogleg kommuneeiningar er løysinga på alle utfordringar. Og for dei kommunane som ynskjer å vera frivillige små, blir det straff å få! Bokn har, etter at eit stort fleirtal hausten 2016 stemte for at Bokn skulle halda fram som eigen kommune, fått halvert småkommunetilskottet sidan me ikkje stemte «rett». Den største utfordringa for Bokn framover blir å handtera regjeringa si  utsvelting av småkommunane ved å redusera dei statlege overføringane. Det er difor avgjerande viktig for Bokn å få eit regjeringsskifte i 2021, der ei meir distriktsvennleg rød/grønn regjering vil syta for eit større økonomisk handlingsrom for kommunar som Bokn.

Kva for eit/kva for nokre parti er naturleg å samarbeida med etter valet? Kvifor?

Bokn Arbeidarparti hadde eit godt samarbeid med Senterpartiet og KrF i perioden 2007-2011, og eit tilsvarande godt samarbeid med Høgre i perioden 2011-2015. Bokn Arbeidarparti samarbeider difor godt med alle desse partia. Likevel er det sjølvsagt mest naturleg å samarbeide med parti som gjer oss størst mogleg gjennomslag for politikken vår. Og særleg har me eit godt auga til dei partia som slår ring om, og satsar på, Bokn som eigen kommune.

Bokn Ap sitt valprogram 2019 (PDF, 4 MB)

Sigmund Alvestad, Bokn KrF svarar

Lene Ognøy Foss, Bokn H svarar

Osmund Våga, Bokn Sp svarar