19. Gravrøysa på austsida av Boknasundet

På Austre Bokn kring 200 meter nord for Boknasundbrua ligg ei gravrøys 21 meter i tverrmål og fire meter høg. Men haugen var tidlegare ein god del større sidan jakteførarar og andre sjøfarande opp gjennom tidene henta ballasstein frå haugen.Då den gamle vegen blei lagt ovanom Trahaughuset, blei det jamvel henta masse frå haugen.  Haugen er ikkje utgraven, men gullspenna frå Nerabø er venteleg frå ei sekundærgrav i haugen. Haugen bli rekna å vera reist i eldre bronsealder. Kring haugen er det òg registrert eldgamle gardfar og ein oval steinsetjing. 

 

Kart