Bokn bibliotek

Logo for Bokn bibliotek, designa av Heidi Synnøve Djuve. - Klikk for stort bileteLogo for Bokn bibliotek, designa av Heidi Synnøve Djuve. Heidi Synnøve Djuve Bokn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).

Lokalet er ein del av skulen, og ligg med eigen inngang på nordsida mot kommunehuset Boknatun.

Biblioteksjef: Thea Elisabeth Hansen
Tlf.: 52 75 25 45
E-post: themik@bokn.kommune.no

Opningstider
Opningstider bibliotek
Dag Tid
Måndag 09:00 - 14:00
Tysdag 09:00 - 14:00 (Kafé)
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 14:00

 

Lånereglar

1. Lånerett
Alle som bur i landet, kan låne gratis på biblioteket.

2. Som lånar forpliktar du deg til å
Behandla bøker og anna bibliotekmateriale fint.
Levera tilbake til rett tid.
Erstatta skader på eller tap av biblioteket sin eigedom etter vedtekne satsar.
Fylgja biblioteket sine reglar og fastsette lånefristar.
Ha lånekortet med på biblioteket når du skal låna.

3. Lånarens rettigheiter
Utlån av bøker og anna materiell er gratis. Bøker og anna materiale som ikkje finst i Bokn bibliotek, kan lånast inn frå andre bibliotek. For slikt innlån gjeld eigarbiblioteket sine utlånsreglar.

4. Lånekort
Lånekort og pinkode er personleg, og kan ikkje brukast av andre. Pinkode skal ikkje oppbevarast saman med lånekortet. Lånar eller lånar sine føresette står personleg ansvarleg for alt materiell som blir lånt på kortet.
For å få lånekort må det visast gyldig legitimasjon for alle over 15 år.
Barn og ungdom under 15 år må ha foreldre/føresette sitt samtykke for å få lånekort.
Namneendring, adresseendring eller tap av fysisk lånekort må straks meldast til biblioteket.
Fyrste lånekort er gratis. Tapt lånekort erstattast mot et gebyr på kr 30,-
Har lånar gløymd lånekortet, kan det likevel lånast mot å vise gyldig legitimasjon.

5. Lånefristar
Normal utlånstid er 4 veker. Enkelte media kan ha kortare utlånstid.
Det blir sendt ut 2 purringar etter at fristen for levering er gått ut. 7 dagar etter 2.purring blir det som ikkje er levert inn rekna som tapt, og det blir sendt ut faktura med erstatningsgebyr for det som ikkje er tilbakelevert. Skada materiale må erstattast.
Lån kan fornyast dersom materialet ikkje er reservert til andre.

6. Inndratt lånerett.
Biblioteket kan sperra kort for lån:
Ved ukjent adresse o.l.
Ved uoppgjorte erstatningar.
Ved brot på utlånsreglane.

 

Prisar
Prisliste erstatningsgebyr biblioteket
Type materiale Takstar born Takstar vaksne
Skjønnlitteratur, innbundne 300,- 500,-
Skjønnlitteratur, hefta 200,- 250,-
Faglitteratur 400,- 600,-
Biletbøker 250,-
Teikneseriar, innbundne 350,- 400,-
Teikneseriar, hefta 200,- 250,-
DVD 250,- 250,-
Dataspel/Nintendospel 500,- 500,-
Brettspel 400,- 500,-
Prisar diverse biblioteket
Produkt Pris
Kopiar/utskrift 0,50,-
Kopiar/utskrift farge 0,50,-
Plastpose 2,-
Bærenett 30,-
Bærenett m/logo 100,-

 

Lån e-bøker og lydbøker

Lån e-bøker og lydbøker på 1-2-3:

1. Sørg for at du har nasjonalt lånekort. (Eit nasjonalt lånekort startar med bokstaven N). Nytt eller oppgradert lånekort får du i skranken på biblioteket ditt.

2. Last ned appen Allbok, frå Google Play eller App Store.

  
3. Logg inn med lånenummer og pinkoden din. Lån bøker!

Kikkhullet
Lesedigg