Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio mars 2024.

Boknafjordtunnelen nord

Bildet viser innlekkasje i tunnelen før tetting er utført.  - Klikk for stort bileteInnlekkasje i tunnelen før tetting er utført. Knut Håvarstein Hausken, Statens vegvesen.

Entreprenøren vår Skanska har hatt god framdrift på sprenging i tunnelen siste månad. Sjølv om fjellforholda på dei seks tunnelstuffane varierar ein del – frå mykje bra til dårlegare som krev ekstra sikring, samt stadvis mykje vatn som lek inn så held dei framdriftsplanen godt. Fram til medio mars er det i kvart av hovudløpa sprengt ca 3 200 meter, dette er 35% av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.

Vatn som lek inn i tunnelen må også ut at, både no i anleggsfasen og seinare i driftsfasen. Skanska har no sprengt ut dei først fjellromma der det skal plasserast pumper, og betongarbeidet for desse konstruksjonane er starta.

Veg ute i dagen

Bildet viser forskaling av pumpesump i tunnel. - Klikk for stort bileteForskaling av pumpesump i tunnel. Stian Maudal Håvardsen, Skanska

Ute i dagsona, frå tunnelpåhogget til kryss med eksisterande E39 er det siste månaden arbeid med grøfter, kummar og røyr som føregår, i tillegg til at det er mykje arbeid med å sikra fjellskjeringane langs E39 slik at det ikkje seinare skal ramla ned stein. 

Knusing av steinmassar, til vegbygging, ved Laupland starta opp som planlagt i slutten av februar.

Sjøtransport av steinmassane

Bildet viser bygging av ny E39 mellom Vågshaug kulvert og tunnelpåhogget ved Laupland.  - Klikk for stort bileteBygging av ny E39 mellom Vågshaug kulvert og tunnelpåhogget ved Laupland. Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Sidan det er restriksjonar ved Føresvik på grunn av gyteperiode går no alle steinmassane til Husøy. Transporten går godt, men har hatt litt nedetid på grunn av været og skifte av utstyr i det siste. 

Vi har fokus på å rydda koplingsboksar langs strendene jamt og trutt. Men skulle nokon registrera strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no

Bemanning, sikkerheit og oppleving av anleggsarbeidet

Totalt er det no på prosjektet ca 265 personar der 250 høyrer til Skanska og ca 15 frå Statens vegvesen på prosjektkontoret på Arsvågen. 

Bildet viser lektertransport som passerer Boknasundbrua 3134 ganger tur/retur. Bildet er frå oppstarten i slutten av juni 2023.  - Klikk for stort biletePr. 19. mars har lektertransporten passert Boknasundbrua 3134 ganger tur/retur. Her er bilde frå oppstarten i slutten av juni 2023. Roy Gunnar Bergland, Skanska

Storparten av tunnelarbeiderane er tilreisande, men på grunn- og betongarbeid er dei fleste lokale, og over 40% av Skanska og Vassbakk & Stol bur lokalt. 

Det blir lagt stor vekt på å arbeida sikkert og sørgja for at alle kjem trygt heim frå arbeid kvar dag. Dersom det er nokon i nærområdet til prosjektet som blir påverka negativt av anleggsarbeida, så nøl ikkje med å ta kontakt.