Kulturmidlar 2024

Fristen for å søka om tilskot til kulturarbeid (driftstilskot og ev. støtte til eit spesielt tiltak) er 15. april. 

Personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Bokn kommune kan etter søknad få stønad frå kommunen.

Søk her

Ha vedlegga klare

Når du skal søka er det lurt å ha klart det som skal lastast opp FØR du går inn i søknadsskjemaet. Det du må ha klart er:

  • Rekneskap 2023
  • Budsjett 2024
  • Medlemsliste pr. 31.12.23

 

Viss du ikkje føler deg sikker på filopplasting, kan du levera vedlegga på Boknatun (kl. 08:30-15:00), eller senda dei pr. post - merk konvolutten Kulturmidlar 2024. HUGS SØKNADSFRISTEN: 15. APRIL.

Andre ting det er lurt å ha i nærleiken under søknadsprosessen er:

  • Medlemskontigent
  • Medlemsinndeling
  • Aktivitetsoversikt
  • Møteoversikt
  • Ev. spesielle tiltak

 

Spørsmål om utfylling av søknadsskjemaet kan rettast til Jardar på kulturkontoret - tlf. 98221508.

Velforeningane i kommunen mottar automatisk årlege drifttilskot frå kommunen og treng ikkje søka.

Søk her