Ny bok på veg

Den tredje boka i oppfylginga av kommunen sin kulturminneplan vil innehalda ord og uttrykk frå Bokn.

Bildet viser eit møte mellom illustratør Malin Taraldlien, forfattar Birger Lindanger og kultursjef Jardar Havikbotn, 13.03.24. - Klikk for stort bileteMøte mellom illustratør Malin Taraldlien, forfattar Birger Lindanger og underteikna, 13.03.24. Jardar Havikbotn

Viss du hugsar serien “Eg seie meg så” frå Bokn Bygdablad, veit du med ein gong kva dette handlar om. I mange år sende lesarar av bladet inn ord og uttrykk dei meinte var spesielle for Bokn, og andre lesarar kunne koma med innspel om kva dei ulike orda betydde. Denne serien dannar grunnlaget for boka.

Lokale ressursar

Som i boka SKA SEI! vil immateriell kulturarv (levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk) stå i sentrum i den nye boka, som sjølvsagt skal heita EG SEIE MEG SÅ. I publikasjonen vil du finna over 500 ord og uttrykk og samlinga vil nok få fleire bruksområde, med ordbok og quizbok som sentrale stikkord.

Samtidig vil boka bli god å kvila augene på, og bli rikt illustrert av Malin Taraldlien. 

Me minner også om boka TUSEN ÅR PÅ KYRKJEHAUGEN, som tar for seg eitt av dei 22 prioriterte kulturminna i kulturminneplanen.

Du får kjøpt alle bøkene på Boknatun eller på Bokn bibliotek. Dei kostar 250 kr pr. stk.