Strandryddeuka utsett

Klikk for stort bileteDet pågår fleire små ryddeaksjonar denne våren. Her konstaterer Janne Jøsang at det er nok å gjera i Skodahabn. Elisa Skeie Hold Norge Rent håpar å arrangera Strandryddeuka 2020 i september. Boknarar som vil rydda i vår kan gjera dette på visse vilkår. 

I ei pressemelding opplyser Hold Norge Rent at dei opplever stor pågang frå frivillige, organisasjonar, friluftsråd, kommunar m.fl. som ønsker å rydda. Det nasjonale rådet deira er at alle ryddeaksjoner må utsettast eller avlysast i noverande situasjon, men at det lokalt kan vera forhold som likevel gjer det mogleg å rydda så lenge folk overheld restriksjonar og respekterer anbefalingar.

Bokn kommune har allereie tilrettelagt for dette i denne artikkelen frå 19. mars:

Strandrydding