Strandrydding

Klikk for stort bileteRuna Schmeichler i Skodahabn, 16.03.20 Elisa Skeie Det er høgst sannsynleg at årets strandryddedag i mai blir avlyst, men Bokn kommune opnar opp for frivillig strandrydding utover våren på visse vilkår.

Kommuneoverlegen har godkjent følgande:

Bokn kommune tilrår at ein unngår unødvendige reiser og kontakt med andre. For dei som ikkje er i karantene og som kjenner seg friske kan plukking av marint avfall vera ein meiningsfull ting å gjera på rolege dagar. Bokn kommune tilrår ikkje at dette skjer i grupper større enn 3-4 stk., som held fornuftig avstand, men nærme nok til å ta på kvarandre på sleipe berg og knausar.

Fleire vil rydda

Ivrige havforkjemparar har tatt kontakt og kunne tenkt seg å rydda nå når mange er heime i desse koronatider. Elisa Skeie og Runa Schmeichler er blant desse. Måndag denne veka var dei i Skodahabn og registrerte at det hadde kome inn mykje nytt avfall sidan i fjor.

Utstyrslageret på Boknatun er fullt opp av sekkar og hanskar i alle størrelsar. Dei som vil rydda eit område, fyller ut skjemaet under og blir kontakta for avtale om henting av utstyr, i tråd med dei retningslinjene som gjeld for dagens situasjon.

Strandrydding

BigBags skal berre brukast dersom dei kan hentast med båt. Det er Friluftsrådet Vest som gjer dette i etterkant av aksjonen.
Fjerning av anna avfall blir gjort etter avtale med kulturkontoret.BigBags skal berre brukast dersom dei kan hentast med båt. Det er Friluftsrådet Vest som gjer dette i etterkant av aksjonen. Fjerning av anna avfall blir gjort etter avtale med kulturkontoret.






Felt merka med * må fyllast ut