Årets 17. mai-program

Frå båtkonvoien 2021. - Klikk for stort bileteFrå båtkonvoien 2021. Marie Vågshaug Programmet for årets nasjonaldagsfeiring i Bokn er klart.

Sjå programmet her (PDF, 225 kB)

Hjulet for ei tradisjonell 17. mai-feiring rullar igjen. Av ulike grunnar har det tatt lenger tid enn vanleg å få det skikkelig i gong, nå etter koronaåra. Derfor kjem denne kunngjeringa av endeleg program seinare enn tidlegare år.

Ikkje MC/bilkortesje

Det er ikkje funne plass til denne kortesjen i programmet, i alle fall ikkje i år. Men båtkonvoien blir lik som i fjor, og erstattar kapproinga.

Les også:

17. mai 2022

Nytt i år

Nytt i år er frukost på Sjøbris og at kiosksal og matservering i Bokn Arena startar kl. 11. Ny tradisjon er også kransenedlegginga etter gudstenesta, til minne om dei som har omkome på sjøen. Denne hendinga har blitt filma dei siste to åra.

Årets appell blir også framført framfor sjukestova, i tillegg til Bokn Arena. Songtrioen vil også opptre ved Boknatun.

Fleire kulturelle innslag og kulturprisutdeling blir det også på nasjonaldagen.

Les også:

Kulturskuleelevar spelar på 17. mai

Det vil også bli utarbeida eit allsonghefte, som blir delt ut i toget - vel møtt!