Dette fortel leiar i 17. mai-komitéen, June Grønnestad. Talen vil han halda i Bokn Arena, noko som betyr at Bokn si storstove er tilbake som samlingsstad for 17. mai-feiringa i kommunen.
Sterkt redusert korps
Men sjølv om koronapandemien ikkje vil hindra ein tradisjonell nasjonaldag i år, blir dagen annleis for det. Musikkorpset står dessverre utan dirigent, og stiller ikkje med messingblåsarar i år. Heldigvis blir det ei trommegruppe, slik at dei kjende trommemarsjane vil runga på togruta, som vil bli frå kyrkja-rundt Boknatun og tilbake langs fotballbanen og ned til Bokn Arena.
Det blir ein stopp framfor Boknatun, kor det i staden for levande korpskonsert blir allsong for bebuarane på sjukeheimen, med m.a. korpsopptak frå dei to siste åra.
Nye tradisjonar
Den tradisjonelle kapproinga går ut. Inn kjem båtkonvoien frå dei to siste åra. Så er det store spørsmålet om komitéen etter kvart også får inn MC/bilkortesjen i programmet. Dette blir kunngjort seinare.
Ellers er gode samarbeidspartnarar på plass for å laga ein kjekk dag for alle. Dei frammøtte vil ikkje merka dei store forandringane. Bokn KFUK/KFUM-speidarar har pga. tryggleiken tatt bort karusellen i nordre enden av fotballbanen. I staden har dei i år tatt over korpset sine pil- og ballkastaktivitetar samt Austre Bokn Bygdalag sin spikerslåingskonkurranse.
Frukost på Sjøbris
Kristine Eike på kaféen i Føresvik inviterer til ein innhaldsrik frukostbuffet med dessert, kl. 08:30-12:00. Ho fortel at det blir lagt opp til at folk forsyner seg av buffeten inne og et ute. Blir det dårleg vér blir det sett opp telt. Det kjem eit eige event på Facebook seinare i denne månaden.
Mykje ligg allereie til rette for ein fin nasjonaldag!