Vil du vita meir? Meld deg på digitalt informasjonsmøte 17. februar hos Bufetat:
Meld deg på informasjonsmøte her
Kven kan bli fosterheimar?
De kan søkja viss:
- de har stabil livssituasjon
- de har tid og overskot
- de kan samarbeida med hjelpeapparatet
- de har eigna bustad
- de kan legga til rette for samvær
De treng ikkje ha eigne barn.
Slik blir du fosterheim
Steg for steg
- Send inn interesseskjema
- Samtale med barneverntenesta
- Heimebesøk
- Kurs og opplæring
- Vurdering og godkjenning
Barneverntenesta følger dykk gjennom heile prosessen.
Opplæring, oppfølging og godtgjering
Når de blir godkjende som fosterheimar, får de grundig opplæring før barnet flyttar inn. Opplæringa gir dykk kunnskap om barns behov, samarbeid med barneverntenesta og korleis de kan handtera ulike situasjonar i kvardagen. Kurset er gratis og obligatorisk.
De får ein fast kontaktperson i barneverntenesta som følger dykk opp gjennom heile oppdraget. Kontaktpersonen er tilgjengeleg for råd og rettleiing, både i kvardagen og ved behov for ekstra støtte. De får jamlege oppfølgingsmøte og tilbod om rettleiing individuelt eller i gruppe. De kan også delta i erfaringssamlingar med andre fosterforeldre.
Som fosterheim i Bokn kommune får du:
- Ein fast grunnpakke p.t beståande av:
- I nokre tilfelle kan du også bli frikjøpt frå ordinær jobb i tillegg til grunnpakke. Eit frikjøp er tilsvarande den årslønna* du har i den ordinære jobben din.
* oppover grense til 5 G. Årslønn blir berekna utor erfaring og relevant utdanning.
Godkjenning og forbereding
Barnevernet kartlegg kven du er, og går gjennom erfaringar, bakgrunn og nettverk. Helseattest og politiattest er nødvendig. Opplæring skjer før oppstart, og du får løpande oppfølging.
Her kan du søka om politiattest
Kurstilbod for fosterheim
FOSTERHJEM SAMMEN tilbyr kurs og temakveldar for fosterheimar i samarbeidande kommunar. Målet er å styrka omsorgsrolla til fosterheimane over tid.
Kontaktpersoner for kurstilbod i Karmøy
Hilde Olsen, saksbehandler
Telefon: 468 90 985
E-post: hjo01@karmoy.kommune.no
Gunnel Vedøy Broshaug
Telefon: 918 32 756
E-post: gvb@karmoy.kommune.no
Spørsmål og svar om fosterheim
Spørsmål og svar | Norsk Fosterhjemsforening
Kontaktinformasjon
Maria Sæle
E-post til Maria Sæle
Mobil 98 85 80 98
Stine Marie H. Skjølingstad,
Veiledere for fosterhjem
E-post til Stine Marie H. Skjølingstad,
Mobil 47 79 44 29