Mottak av flyktningar

Flukt frå krig. - Klikk for stort bileteFlukt frå krig. pixabay.com Informasjon frå ordførar Osmund Våga.

I kommunestyret 15. mars vart det gjort følgande vedtak:

Kommunestyret vedtek samøystes: 

1.            Bokn kommune er positive til å ta imot flyktningar frå Ukraina.
2.            Formannskapet vurderer forløpande kor mange flyktningar Bokn kan ta imot.
3.            Bokn kommune ser det ikkje som forsvarleg å ta imot einslege mindreårige flyktningar.
4.            Kommunestyret delegerer til kommunedirektøren å følge opp forespørsler om mottak av           flyktningar frå Ukraina og øvrige forhold knytt til mottak av flyktningar frå tildelingsmyndigheiter.
5.            Det vert utarbeidd sak om prinsippvedtak til kommunestyret angåande busetting av flyktningar.

Vi har ikkje fått noen førespurnader så langt, men det kan fort skje. Vi har ledige lokale, planen er å bruke dei orange leiligheitene nord for Boknatun.

Det vil medføre utfordringar når det gjeld språk, opplæring, helsetenester, etc. men det skal vi klare. Boknarane er hjelpsomme og gjestfrie, og har stor dugnadsvilje. 

Så då vil eg oppfordre alle til å ta godt mot dei som måtte kome og hjelpe dei å finne seg til rette. 

Ressurspersonar

Dersom det er nokon i kommunen som snakkar ukrainsk eller russisk, eller kjenner nokon som gjer det, hadde det vore fint om ein melde dette inn til kommunen.