Krigen i Ukraina

 Flagg, Ukraina - Klikk for stort bileteFlagg, Ukraina Government of Ukraine Det er tragisk å sjå kva som foregår i Ukraina no. Men det minner oss også om at sjølv om det ikkje har vore nokon stor krig i Europa på snart 80 år, så kan det skje igjen.

Av ordførar Osmund Våga

Difor er det viktig å vere forberedt. Ha eit sterkt forsvar og stå saman med andre land. Ha tilstrekkelege lager av viktige varer både nasjonalt og lokalt.

Når det gjeld lokale forhold, har dette neppe nokon store konsekvensar for Bokn. Me kan bli bedne om å ta imot flyktningar frå Ukraina. Det skal me klare, me har ledige lokale og boknarane er gjestfrie og innstilt på å hjelpe.

Støtte og omtanke

Det er også mogleg å støtte folket i Ukraina via diverse innsamlingar, og det vil eg oppfordre til å gjere.

Ein ting å hugse på her er at dei frå Ukraina eller Russland som er i Noreg eller Bokn ikkje er ein del av denne konflikten. Mange er redde for kva som skjer og for sine familiar.

Her må me vise vår støtte og omtanke.