Julehelsing

Klikk for stort bileteFrå Grunnlovsjubileet i 2014 Kjetil E. Hamre Her kjem ei julehelsing frå ordførar Osmund Våga.

Kjære boknarar!

No nærmar det seg jul igjen, og her kjem ei helsing fra ordføraren.

Det har vore eit par interessante månader sidan valet, mykje å setje seg inn i og få oversikt over.

Vedtatt budsjett

No har vi vedtatt budsjettet, og sjølv om det er blitt trangare økonomisk, går det framleis greit i Bokn. Vi har gjort store investeringar dei siste åra; fleirbrukshall, sjukeheim, vassverk og veg.

No står det å byggje ny skule som det neste, her er det planlagt oppstart til sommaren. Skulebygginga er finansiert med sal av aksjer i Haugaland kraft. Etter dette blir det ikkje rom for store investeringar på ei stund.

Ungdomsråd

I tråd med den nye kommunelova er det blitt valt eit ungdomsråd. Dei hadde sitt første møte 16.12, og skal jobbe for ungdommens interesser i kommunen. Som leiar blei vald Miriam Sunde Olaussen, vi gratulerer.

Spennande prosjekt

Av andre spennande ting framover kan vi nevne Rogfast, der det er blitt ei forseinking. Men vi pressar på for å få fortgang på dette og er sikre på at det blir gjennomført, det tar berre litt lengre tid.

Holmen-prosjektet i Føresvik er godkjent, og ventar på stein frå Rogfast for å kunne begynne.

Bokn tomteselskap, der kommunen er medeigar, har nettopp kjøpt ein eigedom på Alvestad, ved Boknabergsvatnet, der det er planlagt bustadbygging på den delen som ligg aust for vegen. Og moglegheit til å lage eit fint felles friluftsområde ned mot vatnet.

Sjølv om vi har seld oss ut av Haugaland kraft, er Bokn framleis medeigar i store bedrifter som Karmsund havn, Flyplassen (via Karmsund havn) og Haugaland næringspark (Gismarvik). Og her ser det ut til å bli større aktivitet framover, det er godt for Bokn, både økonomisk og for nye arbeidsplassar.

Kommuneplanens arealplan

Vi skal snart til med rullering av arealplanen. Her må vi få inn både nye næringsområde og nye bustadområde for å få vidare vekst i kommunen. Så tenk over det, og kom med innspel når det blir opna for det.

Sidan vår trufaste rådmann snart går av med pensjon etter langt tids teneste, har vi begynt å søkje etter ein ny. Det er ei interessant stilling i ein kommune med mange moglegheiter, så vi håpar på mange søkjarar her.

Vi har nettopp delt ut kulturpris for 2019, som gjekk til Rune Vatnaland, vi gratulerer.

Etter julefeiringa, er det klart for Julebord i Bokn Arena 28.12. Då oppfordrar eg alle til å komme.

Nyttårsfyrverkeri

Deretter er det stort nyttårsfyrverkeri utanfor Bokn Arena 31.12. Vi takkar våre sponsorar som har vore med og støtta dette: Bokn eiendomsutvikling, Mæland Bygg, Nibe, HighComp, Bokn Arena Event og Grieg Seafood.

Eg har fått spørsmål om kvifor ordføraren har valt å ikkje delta i kyrkja på nyttår, og da må eg seie at som ikkje-religiøs er det ikkje ein naturlig plass for meg. Men viktigare er at dette er blitt framstilt som ei helsing til boknarane, og det blir feil sidan det ikkje er alle som føler at det er ein naturlig plass å gå for dei. Kommunen og ordføraren skal vere for alle boknarar, uansett livssyn.

Og med det vil eg ønske alle ei fredelig jul og eit godt nyttår!

Vennleg helsing

Osmund Våga
Ordførar