Coronaviruset

Klikk for stort bileteNytt coronavirus - fakta, råd og tiltak Foto: CDC, Alissa Eckert Informasjon frå ordførar Osmund Våga.

Som de alle er klar over, er Coronaviruset over oss. I Bokn er det enno ikkje påvist smitta personar, men nokre er testa og fleire er i karantene. Eg er sjølv ein av dei, etter å ha deltatt på Haugalandskonferansen. Har ingen symptomer, så eg fortset jobben frå heimekontor. Det er berre å ringe eller sende ein mail dersom ein lurer på noko.

Skule og barnehage er stengt, møte er avlyste og sjukeheimen stengt for besøk. Mange tilsette i kommunen går over til heimekontor. Vi avlyser politiske møte, dersom det er viktige saker får vi ta dei på mail, telefon eller video.

Informasjon og omtanke

I mellomtida får vi vere nøye med hygiene, desinfisere hender, redusere kontakt med kvarandre og lytte til råd fra helsemyndigheter.

Sjå jamleg på kommunen sine internettsider, her vil det bli publisert viktig informasjon.

Og ha omtanke for kvarandre. Det kan vere nokon som treng hjelp til handling, barnepass etc. Tenk over om du kan vere til hjelp.

Tilsettingar

Ellers kan eg opplyse om at vi har tilsett ny rådmann, Ingeborg Skjølingstad, ho begynner 18. mai. Ny rektor er tilsett, det blir Wenche L. Havikbotn, som begynner 1. juli. Vi ønsker dei lykke til.

Rekneskapen for 2019 er no ferdig, og blei vesentleg betre enn forventa, med rundt 8 mill. i overskot. Karmøy er i ferd med å vedta at dei skal leige fire plassar på sjukeheimen, det hjelper også på økonomien.