Ordføraren har ordet, år 2006

Svein Ove Alvestad:

Desember 2006

Budsjett 2007
Kommunestyret har nå vedtatt budsjettet for 2007. Alle partia var godt fornøgde med det framlagte budsjettet frå rådmannen, og det blei berre gjort små endringar på budsjettet utover rådmannen sitt forslag.

Debatten bar preg av stor einigheit og låg temperatur, men nokre endringar samla med oss om; Kr. 100.000,- i planleggingsmidlar til barnehagen og trafikksikringstiltak blei tatt ut og prosjektet ”Kjekt på Bokn” blei styrka med 100.000,- kr., tilskott til lag og organisasjonar blei auka med 30.000,- kr og det blei avsett 10.000,- kr. til ny varmvasstank på sjukestova.

Kommunestyret vil óg fikse opp og asfaltera ute-området ved Kyrkjebygd aktivitetshus og langs steingarden ved kyrkjegarden.

Dei kommunale avgiftene aukar med 3% med unntak av vassavgifta som aukar med 4%, noko som er lågare enn lønns- og prisauken.

I tillegg har kommunestyret bedt om ei sak på korleis ein best kan sikra nødstraum til Boknatun og ei sak om arbeidsmiljø og tiltak i kommunen.

Destinasjon Haugaland, regionen sitt reiselivsselskap, er vedtatt opphørt og eit nytt aksjeselskap er planlagt stifta 18/12 for å ein mykje sterkare og samlande satsing på reiseliv på Haugalandet. Bokn kommunestyre har vedtatt å være med på satsinga og går inn med 25.000,- kr.

Det var kjekt at dette kommunestyre, som vedtok sitt siste budsjett, kunne gjere det samrøystes. Etter min meining viser dette at det er stor einigheit om drifta og utviklinga til Bokn kommune, noko eg trur er svært viktig skal me lykkast i framtida.

Bokn kommunestyre vil vere med på eit samarbeidsprosjekt innan nærings- og bygdeutvikling saman med Fylkesmannen, innovasjon Norge Rogaland og kommunane på Haugalandet. Hovudarbeidsområda vil bli omstillinga og nye næringar innan landbruket.

Etter nye krav frå departementet må kommunen laga ein barnehageplan for å visa korleis mål om full barnehagedekning innan 2007 skal bli nådd.

Kommunestyret har vedtatt ein barnehageplan og ber rådmannen greie ut alternative løysingar for utviding av barnehagekapasiteten viss der blir behov for det. Det var og ein gjennomgang av opningstider og betalingssatsar sett opp mot kontantstønaden.
Kommunen fann ikkje nå å kunne endre på opnings-tider eller betalingssatsar, og det blir som før med ein endring av satsane frå 1/8-07.

Tilbakelagt stadium
Sjølv om året har vore prega av ueinigheit i kommunesamanslåingsdebatten føler eg det er eit tilbakelagt stadium og at alle ser framover og gjer det dei kan for ei god utvikling for lokalsamfunnet på Bokn. Utviklinga i folketalet ser positivt ut og me får arbeide for og håpe at det vil fortsette i 2007.

Med dette vil eg ønskje alle ei fredeleg og god jul og eit godt nyttår.

Svein Ove

 

November 2006

Rådmannen har lagt fram eit ekspansivt budsjett for 2007 med økonomiplan for 4 år.

Sjølv om kommunane har fått auka rammer frå staten gir det ikkje rom for store endringar av drifta. Bokn fekk auka overføringane med 1.910.000,- kr, noko som høyrest bra ut, men nesten 1.900.000,- går til lønsauke. I tillegg er der usikkerheit rundt pensjonskostnader, renteauke og ny sjukelønnsordning.

Det som er positivt er at eigedomsskatten vil auke i åra 2008 og framover p.g.a. gasskraftverket, og at lånegjelda vil minka.

Eigen lege
Av nye tiltak som er føreslått vil eg nemna at kommunen arbeidar med å få eigen lege, noko som vil komme til å koste mykje meir enn i dag, og rådmannen har satt av 450 000,- ekstra for å prøve og få lege og 200.000,- til legevaktsamarbeid.

Nye lærebøker og ikt-utstyr på skulen er og ei satsing med henholdsvis 150.000,- og 460.000,- kr. Der er og sett av 137.000,- kr. til oppgradering av gymsalen på skulen. Drift av kyrkja er og styrka med 107.000,-.

Kultursoge
Eg har og arbeiddt med å få ei finansiering av utgiving av kulturhistoria for Bokn og rådmannen har lagt inn 500.000,- kr. i økonomiplanen som kommunen sin del. Resten, ca 550.000,-, er tenkt finansiert med støtte frå næringsliv og enkeltpersonar. Allereie nå har me fått 100.000,- og signal om meir. Er det nokre som vil bidra er det berre å ta kontakt.

I investeringsbudsjettet er det og tatt med 600.000,- kr. til kjøp av nytt bustadfelt og 700.000,- til prosjektet ”Kjekt på Bokn”. Samla investeringar er på ca 2,8 mill kr. og tenkt finansiert ved bruk av fond. Etter mi meining er det eit godt budsjett som vidareføre den drift kommunen har i dag, men kanskje litt for ekspansivt. Politikarane vil nå gå gjennom budsjettet og komme med sine forslag til endringar. Det er mitt mål at alle parti blir einige om eit budsjett til behandling i kommunestyre den 12/12.

Svein Ove

 

Oktober 2006

I landstoppen
Først vil eg gratulera alle med eit fantastisk fint resultat på innsamlingsaksjonen. Bokn blei nest best i Rogaland og femte best i Norge med over 112,- kr pr. innbyggar. Dette viser at boknarane er eit raust folkeslag som bryr seg om andre. Det skal me vera stolte over.
Eg vil takke alle som var med og gjekk med bøsser, SR Bank som talde opp og ikkje minst elevar og lærarar på skulen som stelte til basar og fekk eit rekordresultat.           

Ordførarval
Kommunestyret har hatt møte og vedtatt at Bokn ikkje skal søke om å få delta i forsøk med direkte val av ordførar. Årsaka var at forsøket måtte skje på ein spesiell måte, val etter den såkalla preferansemodellen. Den innebere at me måtte stemma på to kandidatar, nr. 1 og nr. 2. Og viss ingen fekk over 50% la ein saman alle nr. 1 og nr. 2-stemmene på dei to kandidatane med flest stemmer for å kåre ordføraren.

Samtidig kom det fram i kommunestyret at i og med det som skjedde rundt nedsetting av ordførarstillingen til 50% er ikkje partia klar til å avgjere dette spørsmålet nå.

Haugaland interkommunale miljøverk (HIM)
Kommunestyret vedtok og at Bokn blir med i Haugaland interkommunale miljøverk IKS saman med Haugesund, Tysvær, Etne og Vindafjord. Karmøy blei ikkje med.

Ambulerande skjenkeløyve
Kommunestyret oppretta også  to ambulerande skjenkeløyve for øl og vin til lukka lag. Det betyr at lag og organisasjonar kan arrangera t.d. årsfestar og bryllup med øl eller vin til maten.

Ny beredskapsplan til bruk ved større ulykker og katastrofar blei også vedtatt. Får håpe me ikkje får bruk for den.

”Kjekt på Bokn”
Under prosjektet ”Kjekt på Bokn” er fleire arbeidsgrupper i gong for å komme med gode tiltak som kan gjennomførast for å betre trivselen på Bokn.
Mange spennande tankar blir lufta og arbeidet vil munna ut i nokre prioriterte tiltak.

Det blir viktig å få satt fleire av tiltaka ut i livet snart, slik at det blir resultat av arbeidet og ein kan arbeida vidare med nye tiltak. Engasjementet er godt og det lover godt for eit vellukka arbeid som vil gjere det gode liv på Bokn betre.

Svein Ove

 

September 2006

Hei!

Boknarane skal fortsett styre i eigen kommune, var det klare svar boknarane gav i folkerøystinga om Bokn og Tysvær skulle slå seg saman. Boknarane har det svært godt og vil styre eigen kommune er min konklusjon på resultatet.

Eg har stor respekt for denne avgjersla og vil sjølvsagt følgje den opp og fortsette arbeide for å få ein god utvikling for Bokn framover.

Me er alle opptatt av at Bokn skal vere ein god plass å bu, drive næring eller bruke fritida, men det var to syn på korleis me best skulle lykkast i framtida.
Eg håpar at alle har respekt og toleranse for det andre synspunktet og at me i framtida også kan arbeide godt saman for å få til det me ønskjer på Bokn..

For å nå fram og lykkast i ein stadig meir sentrali-serande verden er det avgjerande viktig for oss å dra lasset i lag.

Eg føler det har vore rett å køyre denne prosessen for å få lagt spørsmålet om kommunesamanslåing eller ikkje dødt for ei tid framover. Spørsmålet har komme opp med visse mellomrom, etter fastlandssambandet blei etablert i 1991, og skapt litt usikkerhet om fram-tida.

Prosessen var og god med godt engasjement og høg deltaking. Eit lite hjertesukk til slutt. Gjer ikkje dette til ei sak i neste val. Alle som stiller til val ved neste kommuneval er innstilt på å gjere ein best mulig jobb for Boknasamfunnet.

Nå er saken om kommunesamanslåing avgjort og alle må rette blikket framover.

Svein Ove

 

August 2006

Vel overstått sommarferie. Det er fantastisk godt for kropp og sjel å få ein så fin sommar, og den har i alle fall gitt meg energi til å stå på utover hausten og vinteren.

Godt val
Det nærmar seg nå svært folkerøystinga om kommunesamanslåing. Kvar enkelt har nå ei viktig oppgåve med å finne svar på kva som tener Bokn som samfunn best i framtida.

Korleis sikre rett og lik behandling av alle innbyggarane? Korleis best sikre tenestetilbodet og tilbod om det me har krav på? Korleis får me næringsutvikling og unngår nedgang i folketalet?, og kor lenge får me sjølv avgjere og påvirke løysninga om Bokn får vere eigen kommune eller ikkje?

Som eit lite lokalsamfunn er Bokn avhengig av å få til ei auke i folketalet, spesielt unge familiar, for å over-leve som eit levande lokalsamfunn med dei tilbod me har i dag. Klarar me dette best med å fortsette som eigen liten kommune eller å bli ein del av ein større kommune? Korleis me trur at me lykkast best i framtida er det me nå må tenke gjennom.

For å få endå betre grunnlag for avgjerda di kan du gå på folkemøte den 5/9 for å få delta i diskusjonen. Det er derfor svært viktig at alle gjer seg opp ei meining og går og stemmer den 18/9, eller førehandstemmer. Kommunestyre har sagt at dei vil følgje det rådet de som innbyggarar gir og behandlar saka på kommunestyremøtet den 26/9. Godt val.

Framtidige kontorlandskap
SR-Bank har vore i ein prosess for å sjå på opnings-tider og drift av avdelinga på Bokn. I denne samanheng har det vore ein dialog med kommunen om å vurdere samarbeidsløysingar. Kommunen og banken er nå blitt einige om å få eit felles kontorlandskap med banktenester og kommunalt servicekontor. På sikt vil me prøve å få til eit fullverdig NAV-kontor med trygd og sosialkontor her, sjølvsagt skilt fysisk.

Svein Ove

 

Juni 2006

Engasjement og folkerøysting
Diskusjonen om ei eventuell kommunesamanslåing går etter det eg høyrer godt. Det er bra med engasjement og deltaking i ei så viktig sak. Eg vil og minne om folkerøystinga 18/9. Det vil bli mulegheit for førehandsrøysting på Boknatun, det vil bli opplyst nærmare om det.

Folkemøtet den 7/6 var svært godt besøkt og tilbakemeldingane eg har fått tydar på at det var eit godt og svært sakleg møte med gode innleiingar ar fylkesordførar Roald Bergsaker(H) og tidlegare fylkesordførar Odd Arild Kvaløy(SP). Det vil bli eit folkemøte til etter sommarferien med hovudfokus på tilgjenge og omfang av kommunale tenestar framover.

Eg trur at - sjølv om me er for eller i mot ei kommunesamanslåing - så er det lærerikt og nyttig å ta denne diskusjonen nå. Me får god innsikt i korleis stoda er og me får informasjon om korleis utviklinga vil bli framover.

Men kanskje det viktigaste resultatet blir at me på Bokn engasjerer oss kraftig for å ta vare på det fine lokalsamfunnet me har. For det må ikkje herska tvil om at utan eit kraftig engasjement frå oss på Bokn vil det bli vanskeleg med ei positiv utvikling på Bokn i framtida, uansett eigen kommune eller ikkje. Eg trur og det er godt å bli ferdige med spørsmål om kommunesamanslåing for ei tid.

Rekneskapen
for 2005 er klar og viser eit overskot på ca 930 000,-, som skuldast litt høgare inntekter og lågare driftskostnader enn budsjettert. Overskotet blir foreslått brukt til delvis å dekke underskotet frå 2004. Bokn kommune har kontroll over økonomien, men budsjettet er svært stramt og kommunen har svært lite handlingsrom til små og store nye tiltak som burde vært gjennomførte. Det er gledelig at låne-gjelda minkar og er nå på ca. 45,5 mill kr. og at finansutgiftene dermed også minkar. Får håpe at renteauken ikkje blir stor framover.

”Samfunnslimet”
Formannskapet har fordelt 120 000,- i kulturmidlar til frivillige lag og organisasjonar. Det er eit svært viktig arbeid desse lag og organisasjonar gjer for lokalsamfunnet på Bokn. Fleire seier at dei er limet som får heile samfunnet til å henga saman. Eg må berre få takka alle som gjer ein innsats, og understreke igjen at det er svært viktig for Boknasamfunnet.

Mindre tilgjengeleg
Til slutt vil eg komme med ei orientering om mi eiga stilling. Som de veit reduserte kommunestyret ordførarstillinga til 50%. Eg vil nå begynne i arbeid i dei resterande 50%. Dette vil medføre at eg ikkje blir så tilgjengeleg som før og at det er best å prøve og møte eller snakke med meg på mandagane.

God sommar!

Svein Ove

 

Mai 2006

Næringsliv
Som de ser av reportasje i Bygdabladet er der nå interesse for tomt i Knarholmen, noko som er svært gledeleg. Det er mitt håp at me nå klarer å nå i mål med desse interessentane slik at dei får etablert  verksemda si og skape arbeidsplassar og utvikling på Bokn.

Utbygginga til Bokn Plast og andre næringsdrivande er og svært positivt. Saman med kommunen og Aetat sitt arbeid gjer dette at arbeidsløysa på Bokn går ned og er på ca 4%. Det er likevel langt over snitt i Rogaland, på ca 2%. Det er gledeleg at fleire får arbeid og det gir inspirasjon til å fortsette arbeidet slik at alle kan få arbeid.

Eigarforhold-oversikt
Kommunen har sett i gong eit omfattande arbeid med å skaffe oversikt over eigarforhold til fleire områder på Bokn som har uavklarte eigarforhold, t.d. allmenningar. Når nødvendig dokumentasjon er innhenta frå alle berørte parter vil ein sjå om ein får ei avklaring på minneleg vis. Klarer ein ikkje å oppnå avklaring vil sakene bli førelagt jordskifteretten for endeleg avklaring. Formannskapet vil så avgjere kva som skal skje med kvar enkelt eigedom som blir i kommunal eige. Dette er tidkrevjande og vanskeleg arbeid så eg ber om forståing for at det kan ta tid, men eg trur det er i alle si interesse å få ei endeleg avklaring på desse forholda.

Kommunestrukturen
I kommunesamanslåingsprosessen er det nå eit viktig arbeid som må gjerast for at me som innbyggjarar skal få mest mulig informasjon om kva dette inneber for oss. Kommunen er i ferd med å trykka opp kortversjonen av konsekvensutredninga, som vil bli sendt ut til alle husstandane på Bokn. Både den omfattande- og kortversjonen er tilgjengeleg på kommunen og bygdabladet sine internettsider. Det vil og bli laga ein brosjyre som blir tilgjengeleg fram til folkerøystinga.

Kommunen planlegg to folkemøter med folk utanfrå, kor det første blir onsdag 7/6. Sett av datoen. Det andre møtet blir etter ferien. Kommunen planlegg også eigne møter for å få engasjert ungdommen og vil komme nærmare tilbake til tid og stad. Det er vårt mål med møta at det skal bli møter kor me som innbyggjarar ikkje berre skal høyra kva andre meiner om samanslåing, men at me alle blir engasjert og deltar i ein diskusjon, gjerne i mindre grupper, om kva som er fordeler og ulemper med ei kommunesamanslåing. Eg trur då at ein vil få fram og få ei betre forståing om kva som er best for Bokn i framtida. Då vil me kvar enkelt få eit best mulig grunnlag for kva ein vil stemma den 18/9.

Eg vil igjen oppfordra til ein sakeleg og god debatt, utan at det personlege blir dratt inn.

17. mai
Nå står feiringa av Norge sin nasjonaldag, 17. mai for tur, og eg oppfordrar alle til å delta i ei tradisjonell feiring av dagen. Med to nye færingar håper eg det blir ein renessanse for kapproing-tradisjonen som i år vil føregå i Alvestadkroken. Deretter blir det tog til kyrkja, gudsteneste, tog til Boknatun og skulen, med tradisjonell feiring der. Om kvelden blir der folkefest med underhaldning og tale for dagen.

Velkommen.

Svein Ove

 

April 2006

Kommunesamanslåingsdebatten
På kommunestyremøtet 21.03 var kommunesamanslåing med Tysvær den store saken. Kommunestyret konkluderte med at konsekvensutredninga og avtalane med Tysvær og kommunaldepartementet viser kva som er utfordringane og muligheitene for lokalsamfunnet på Bokn, og gir eit godt grunnlag for å ta stilling til ein samanslåing eller ikkje.

Debatten i kommunestyret var svært god og balansert. Mange uttrykte at dette var ein stor og vanskelig sak og vurderte fram og tilbake kva som var rett. Kommunestyret er delt i sin anbefaling til dykk som innbyggjarar om kva som er det beste for boknarane framover. 8 representantar meinte boknarane er mest tent med å slå seg saman, 7 representantar valte å seie nei til samanslåing medan 2 representantar ikkje ville gi nokon anbefaling til innbyggjarane.

Det blir nå opp til dykk som innbyggjarar å seie sitt i folkeavrøysting den 18.09.06. Eit samla kommunestyre vil rette seg etter meininga i folkeavrøystinga. Informasjon og god debatt om saken blir nå svært viktig og ein kortversjon av konsekvensutredninga vil bli sendt til alle husstandane. Me vil komme nærmare tilbake til korleis debatt og møter vil bli ordna utover våren og hausten fram mot avrøystinga.

Eg vil understreke at det er svært viktig at me har ein ryddig og saklig debatt og at me har respekt for kvar andres synspunkt. Uansett utfall av avrøystinga skal me omgås kvarandre og utvikla lokalsamfunnet vidare og då kan me ikkje ha ei splitta bygd.

Den nye visjonen for Bokn
Det var svært kjekt at så mange kom på møtet den 29/3 om Bokn si framtid. Dei to innleiarane fekk godt fram kva som er Bokn sine utfordringar og muligheiter framover. Nedgang i folketalet med ei forskyving av alderssamansettinga med færre 20-40 åringar og fleire 80+, svært mange utanfor den ordinære arbeidsmarknaden og eit sårbart næringsliv som dei største utfordringane.

Per Egil Mjaavatn fekk fram at me følgjer utviklinga i Noreg, med dårlegare helse, eit ”urbant” hovud og stillesittande aktivitetar.
Han tok utgangspunkt i at ei god helse var noko av det aller viktigaste i livet vårt og at me måtte bli meir fysisk aktive og gje barna ein god oppvekst med mange gode opplevingar slik at dei kjem tilbake når dei skal etablera seg.

Det er då godt å oppleva at kommunen sitt prosjekt, ”KJEKT PÅ BOKN” som fokuserer på fleire arbeidsplassar, førebyggjande helsearbeid og at me skal ta Bokn sin fantastiske natur meir i bruk er rett veg å gå.

Som avgjerande faktorar for at prosjektet skal lykkast er at flest mulig av oss ser at noko må gjerast og at alle deltar og får eit eigarskap til prosjekta me skal få til. Kommunen kan berre var ein startmotor og katalysator i utviklinga. Det er me som innbyggjarar som må ta tak i utviklinga og stå for det som må gjerast. Eit godt og organisert samarbeid og involvering frå innbyggjarane, spesielt ungdommen, er avgjerande for at me lykkast.

Der er grunn til å ha forventning til prosjektet men me må og var realistiske. Det vil ta tid å få snu ei utvikling og ein vekst i folketalet vil ikkje komme med ein gong.

Det er å håpe at me vil lykkast i å få fleire inn på det ordinære arbeidsmarknaden innan kort tid og me arbeider intenst med det.

Svein Ove

 

Mars 2006

Oppfordring
Bokn har i dei siste åra hatt eit stabilt folketal, medan Noreg og Rogaland veks. Fødselstalet er lågt og me har netto fødselsunderskot. Aldersamansettinga forskyv seg også og boknarane blir eldre og eldre. Me har mange som står utanfor den ordinære arbeidsmark-naden, heilt på topp i Noreg med 5-6% heilt arbeids-ledige og mange i delvis arbeid, på tiltak og mange uføre. Næringslivet er og svært lite og sårbart. Folketalsframskriving seier at me skal bli 100 færre i 2020.

Dette gjer at Bokn som lokalsamfunn står foran store utfordringar i tida framover. Denne tendensen må snus, eller så blir lokalsamfunnet vårt ikkje livskraftig og det vil bli lite attraktivt å bu her.

Som de kjenner til så har ein i kommuneplanen satt dette i fokus og kommunestyret har gått inn for eit prosjekt som er blitt kalla ”KJEKT PÅ BOKN”. Prosjektet er delt i 3; Ta naturen i bruk, Helseførebyggande tiltak og etablering av arbeidsplassar.

Kommunen kan ikkje aleine lykkast å snu denne trenden, me må alle bidra og ta del i utvikling av vårt lokalsamfunn.
Eg vil derfor invitere og oppfordre alle til å komme på eit oppstartsmøte den 29/3 kl. 18.00 i auditoriet på skulen for å få betre kjennskap til utfordringane og komme med innspel på korleis me kan gjere Bokn til ein ”kjekk” plass å bu, slik at alle spådommar om folketalsnedgang blir gjort til skamme og me får vekst og utvikling på Bokn.

Utfordring
Desse utfordringane som eg her har nemnd er og svært sentrale i diskusjonen rundt kommunesamanslåing med Tysvær. Eg vil komma nærmare tilbake til kva eg meiner om den saken. Styringsgruppa er akkurat nå ferdig med arbeidet rundt konse-kvensutredninga og den vil bli presentert for kommunestyra i Bokn og Tysvær den 14/3 med behandling i kommunestyret på Bokn den 21/3. Så sett av den 21/3 og møt opp på kommunestyremøte.

Det blir viktig å få til gode debattar og dialog om dette viktige spørsmålet, og me vil prøve få til ulike møte og informasjon om kommunesamanslåing.

Det blir og svært viktig at me respekterer kvarandre sitt syn. Etter folkeavstemminga, uansett om det blir samanslåing eller ikkje, blir det svært viktig at me saman tar tak i og bidrar til ei god utvikling for oss her på Bokn.

Bussruter
Eg har fått svar på brev til Kolumbus om bussrutene. Dei vil vurdera om morgonruta kan kjørast også i skuleferien når dei har ein revisjon av rutene sine i juni. Får håpa at me då får ei løysing som tener oss som brukarar.

Skuledrift
Som de sikkert fekk med dykk så var der ein diskusjon rundt budsjettet for 2006 om skulen fekk nok pengar til drifta. Situasjonen ser føreløpig ut til at det blir 10 grupper (klassar) med samanslåing i enkeltfag. Eg trur at me nå har eit godt grunnlag for at kvaliteten på undervisninga blir svært god.

Bankdrift
SR-Bank på Bokn er i ein situasjon som gjer at dei må sjå på drifta av kontoret her. Kommunen og banken er i ein god dialog og me arbeider med ei løysing som skal gi eit betre tilbod til dykk som brukarar samtidig som kommunen og banken vil komma styrka ut med denne løysinga.

Svein Ove

 

Februar 2006

Først godt nytt år alle saman!

I 2005 har 2751 stk. vore på Boknafjellet og skrive seg i Boka. Det er ny rekord og viser at mange tar turen til Bokn for å nyte utsikten og ta seg ein tur ut i friluft. Tradisjonen tru har me trukke ut to vinnarar av eit krus frå Bokn kommune og det blei Brit Holberg og Elly Borgenvik. Førstnemnde var også ein av vinnarane i 2004.

Eg er sikker på at Bokn kan få igjen for å satse på fleire tiltak for at folk skal bruke naturen meir enn i dag. Bokn kjem på kartet og me får markedsført oss, kan tiltrekke oss mulige etablerarar og det er helseførebyggande for oss alle. Reiselivsnæringen vil og ha stor nytte av slike tiltak. Eg ser derfor fram til at prosjektet ” Ta Boknanaturen i bruk” skal lykkast.

Kolumbus
Frå nyttår av fekk me ny aktør for bussrutene på Haugalandet. For Bokn blir det ikkje dei store endringane, men eg har skrive brev til Kolumbus og bedt dei gjere bussruta om morgonen til Aksdal/Haugesund permanent og ikkje slik som nå at den berre skal gå på skuledagar. Eg har og bedt om at nattbussen må kjøre til Føresvik når der er passasjerar til Bokn.

Fylkestannlegen
Som de og veit så har Fylkestannlegen vore nødt til å stenge tannlegekontoret på Bokn for ei stund p.g.a. mangel på tannlegar. Eg har vore i kontakt med Fylkesordføraren og Fylkestannlegen for å sjå på løysingar. På kort sikt blir det prøvt å få til avtale med private tannlegar. Samtidig søker ein etter tannlegar, men ved sist utlysing var det ingen søkarar. Ein prøver og å få fatt i utanlandske tannlegar. Får håpe nokre av tiltaka kan lykkast, men det kan ta litt tid.

Konsekvensutredninga
Arbeidet med konsekvensutredninga om kommune-samanslåing med Tysvær pågår for fullt og skal være ferdig 1/3. Formannskapa er og enige om å sende ein søknad til Kommunaldepartementet om støtte på kr. 44 mill. kroner til å dekke eingongskostnader og til infrastrukturtiltak som utbygging av breiband, vassverk, gang- og sykkelstiar og kommunale vegar.

Det blir spennande å sjå kva svaret på søknaden blir. Kommunalministeren har jo gått ut og sagt at dei ikkje vil stimulera til kommunesamanslåingar. Kommunar som allereie er i ein prosess vil kunne få midlar, det har statssekretæren bekrefta at Bokn og Tysvær kan få.

Båtplasser
Det er svært viktig at innbyggarane på Bokn, om ønskjeleg kan få båtplass, og derfor har formannskapet løyva kr 100 000,- i tilskot til Bokn båtforening til utbygging av båtplassar. Formannskapet trur og at det kan vere eit godt tilbod for å trekke folk til Bokn.

Svein Ove