Ordføraren har ordet, år 2004

 Svein Ove Alvestad:

Desember 2004

Hei!

Det er ein svært bekymra ordførar som nå skal referera frå budsjettmøtet i kommunestyret.

Rådmannen hadde lagt fram eit budsjett som var svært stramt, og umuleg for seksjonane å halde med dagens tenesteproduksjon, manglar ca. 800 000,- . Samtidig hadde rådmannen tatt til inntekt 1,2 mill kr. i kompensasjon for moms som kommunen ikkje får, men som me meiner me har rett på. Det er heller ikkje lov til å budsjettere med denne inntekta. Dette vil føre til at Bokn kommune blir svartelista og satt under administrasjon av Fylkesmannen. For å unngå denne situasjonen har kommunestyret vedtatt å dekke denne inntekta opp mot fond, viss me ikkje lukkast i å få ekstraordinære inntekter.

Rådmannen hadde forslag om å ta ein gjennomgang av administrativ organisering og teneste-produksjonen for å få ei enklare og meir effektiv drift. Dette slutta kommunestyre seg til og talfesta innsparingane til i størrelsesordenen 3 årsverk (1-1,5 mill). I budsjettforliket på Stortinget og p.g.a. feil i budsjettet fekk Bokn ei styrking av budsjettet på ca kr. 270 000,-. Der var og enighet om ikkje å legga ned Bygda-bladet, men å auka abonnementsprisen til 300,- kr., noko som vil føra til ei styrking av budsjettet på 50 000,- kr.

Fleirtalet i kommunestyret (KRF, SP;AP) vedtok så i tillegg ein reduksjon i ordførarstillinga og i godtgjerdsla til dei folkevalde med ei innsparing på 150 000,-. Samtidig vedtok dei å bruke pengane opp på ei generell styrking av skulen, på 170 000,-kr., oljegrusing av Arsvegen, på 226 000,-kr., og nokre mindre beløp til Destinasjon Haugaland, ambu-lansen og sceneteppe.

Fleirtalet vil og behalde sommarjobb for ungdom. Mindretalet(H ) hadde forslag om å sette av sparte beløp, 400 000,- kr., til dekking av uforutsette ting som vil dukke opp og ta ei vurdering i revidert budsjett om kva me har råd å bevilge pengar til. Mindretalet vil og ta ein gjennomgang av den politiske organiseringa, inkl. ordførarstillinga. Fleirtalet vil investere for 700 000,- kr. i ombygging på legekontor, nærmiljøanlegg, lysarmatur og småbåthavn dekka av kapitalfond. Mindretalet vil investere 570 000,- kr. stort sett til dei same ting, unntatt lysarmatur.

Det som gjer meg svært bekymra, og som gjer at budsjettvedtaket er heilt uansvarlig, er at fleirtalet ikkje viser vilje til å redusere budsjettet, heller auke pengeforbruken, når Bokn kommune er i ein så vanskelig økonomisk situasjon og må ha ein reduksjon av driftsnivået, som dei og har stemt for. Arbeidet med å får eit godkjent budsjett nå blir endå vanskeligare og det må til ei endå sterkare innsparing enn det som var utgangspunktet.

Noko som ytterligare forsterkar denne bekymringa er at Bokn kommune vil gå med eit underskot på fleire hundre tusen, kanskje over ein million, kr. i 2004 som og må dekkast inn. Situasjonen er nå med fleirtalsbudsjettet at Bokn kommune har brukt opp fondsmidlane og står foran store nedjusteringar, les reduksjon av stillingar, av budsjettet for å få skikk på økonomien igjen.
Dette kan ikkje vere meininga for å prioritere bl.a. oljegrusing av Arsvegen. Det er og mi oppfatning at fleirtalet nå styrer slik at Bokn kommune, uansett andre prosessar, nå ikkje er i stand til å klare seg sjølv.

Ordførarstillinga
Til slutt vil eg komma med ei personlig oppfatning av det som har skjedd rundt reduksjonen av ord-førarstillinga til 50%. Eg er med på, i ein vanskelig økonomisk situasjon for kommunen, å diskutere storleiken på ordførarstillinga, men når dette blir tatt opp rett over bordet i formannskapet utan å diskutere saka med meg, og sparte pengar går til bl.a. oljegrusing av Arsvegen blir eg skuffa over prioriteringa.

Eg har heller ikkje fått nokon klarhet i kva eg ikkje skal utføre av oppgåver. Dette vil medføre at ordføraren blir vanskeligare å treffe, ikkje kan ta opp og forfølgje saker som de som innbyggarar er opptekne av. Det blir og mindre tid til å ha kontakt med næringslivet og drive næringsutvikling for å skape arbeidsplassar som Bokn er heilt avhengig av.

Det vil og bli mindre tid til å gjere Bokn sine interesser gjeldande på Haugalandet og i Rogaland. Eg trur det vil bli negativt for Bokn og lokal-samfunnet her at ordføraren nå blir redusert til ein intern møteleiar, og eg saknar ein diskusjon om saka. Dette blei ikkje nokon god avslutning av året men eg vil takke alle for året som har gått og ønsker alle ei fredfull og God Jul og eit trygt og Godt Nytt År.

Svein Ove

 

November 2004

Budsjett 2005
Rådmannen har lagt fram budsjettet for 2005. Det ber preg av maksimale inntekter og minimale utgifter. Det vil nok merkast at enkelte tenestar ikkje blir like gode som før og nokre tilbud kan også bli tatt heilt vekk. Den endelege politiske behandlinga vil til sist avgjere kva som eventuelt skal leggast ned, men rådmannen foreslår å legge ned Bygdabladet og sommarjobb for ungdomen i tillegg til nokre reduserte tenester. Det er sterk utgiftsvekst, i stor grad lønn og pensjonskostnader, og svak vekst i inntektene, som omlegging av inntektssystemet, mindre skatt og generelt for små overføringar til utvida tenestar som kommunane må gi, som gir ein vanskelig situasjon for neste år.

Det blir nå jobba mot Kommunaldeparte-mentet og Fylkesmannen for å sikre at me får inntekter til bl.a. momskompensasjon,
ressurskrevande brukarar og ein ressurs-krevande situasjon på skulen. Skulle dette mislukkast står me ovanfor ein endå vanskeligare situasjon. Eg trur og at regjeringa har lagt inn litt ekstra overføring til kommunane gjennom budsjettforhandlingane på Stortinget. Kommunestyret skal endeleg behandle budsjettet 14/12, og eg skal komme tilbake med meir informasjon etter det.

Kommunestrukturdebatten går for så vidt vidare utan at dei store tinga skjer. Det er meininga at kommunane skal få fleire forslag til organisering ut på høyring. Det har ikkje skjedd endå og me avventar det. Samstundes ser Bokn og Tysvær på å lage ei sak om konsekvensutredning om samanslåing av dei to kommunane. Eg trur dette bør gjerast for å få vita kva konsekvensane kan bli, både fordeler og ulemper, ved ein eventuell samanslåing.

Me får då noko konkret me kan ta stilling til for å danna oss eit bilde om det vil var rett eller galt for Boknasamfunnet å vurdera ein kommunesamanslåing nå. Ein vil og ligge i forkant av prosessen og utviklinga med sterke krefter som vil ha kommunesamanslåingar i Norge, om nødvendig med tvang.

Dette betyr ikkje at ein seier ja til nokon samanslåing. Det vil bli ein eventuell folke-avstemming som vil avgjer det. Sak om konsekvensutredning vil sannsynligvis komma opp til behandling i kommunestyre etter nyttår.

Knarholmen
Det har i den seinare tid vore fleire kontaktar med mulige etablerarar i Knarholmen. Formannskapet har vedtatt å leige delar av bygget ut til Grieg Seafood Rogaland AS, som vil bruke delar av anlegget til kontor og base for verksemda si på Bokn.

Kommunen har og gitt tilbud til Johannes Handeland om kjøp av tomt i næringsområdet til kontor og produksjonsbygg, og det er å håpa at denne etableringa kjem på plass.

Det har og vore i kontakt med interessentar som ser på området nord i fiskerihamna. For å få mulighet for etablering her vil kommunen nå sjå på ein omregulering av området heilt nord i hamna frå fiskeindustri til meir generell næringsverksemd. I dagens Norge er det svært vanskeleg å sjå for seg ei etablering innan fiskeindustri, og me kan ikkje la området ligge uvirksomt viss det kan nyttast til anna formål.

Vegnett
Kommunestyret har med 11 mot 5 røyster gått inn for foreslått utbygging og finansiering av vegnettet på Haugalandet. Forslaget inneber store utbyggingar av vegar finansiert med bompengar og nokre statlige midlar. For Bokn sin del dreier det seg om utbedringar på fylkesvegane, og så har me spelt inn tiltak på E39 på Ognøy og kryssa på Austre og Vestre Bokn. Tiltaka på E39 er avhengig om det blir bomstasjon på E39 ved Våg i Tysvær eller ikkje.

Sjølvsagt er det ingen som ønsker bom-stasjonar, men for å realisere heilt nødvendige vegutbyggingar på Haugalandet er bompengar eit nødvendig onde.

Svein Ove

 

September

Nausttomtsal
Skulle komma med meir spennande informasjon i denne utgåva av Bygdabladet, og det blir det kanskje, for eg vil gi ei kort utgreiing av det som skjedde ved sal av nausttomtene. Formannskapet vedtok at tomta ved Fyren og ei tomt i Hålandsjøen kunne seljast. Salet skulle skje til fastbuande, til høgstbydande og lysast ut for sal i Bygdabladet. Rådmannen fekk fullmakt til å gjennomføra salet.

Under salet blei det gjort fleire feil som gjorde at saken fekk stor overskrift og omtale i Haugesunds avis. Bokn formannskap hadde et ekstraordinært lukka møte den 16/9 for å gå gjennom saken, og fatta følgjande vedtak: Bokn formannskap finn grunn til å retta sterk kritikk til Bygdabladet som ikkje tok inn annonsa og til administrasjonen for mangelfull oppfølging av annonseringa før salet blei gjort og feil gradering i sak/arkiv systemet.

Frå nå av skal alle sal av eigedommar skje via meklar, og rutinar ved gradering av dokument skal gås gjennom og endrast. I tillegg har ein fått ei vurdering på om der er grunnlag for å trekke saken tilbake, og det kom fram at det er ingen ting som tyder på at kommunen kan trekke saken tilbake.

Lege
Den nye legen har nå starta opp praksis på Bokn og eg ønsker henne velkommen. Ei god legeordning er viktig for oss som innbyggarar og gir tryggleik i kvardagen. For å ha ei god legeordning er det viktig at flest muleg brukar legen på Bokn som fastlege. I samband med at den nye legen startar opp har formannskapet vedtatt å ruste opp legekontoret for 50 000,-.

Kyrkja
Soknerådet og formannskapet har fått ut-arbeida ein tilstandsrapport for Bokn kyrkje. Bokn kyrkje er ei listeført kyrkje, noko som betyr at kyrkja skal forvaltast som om den er verna. Bispekontoret skal godkjenne arbeida etter råd frå riksantikvaren. Det er fleire tiltak som må gjennomførast og formannskapet har vedtatt ein vedlikehaldsplan for kyrkja. Reperasjon av vinduer og portane til benkene, lufting på loft og skip samt maling av kyrkja vil bli prioritert.

Kollektivrutene
på Haugalandet er under revurdering og skal leggast ut på anbud. I samband med dette ser det ut til at det blir ei opprusting av rutene i sentrale strøk.

Det ser ut til at endringane ikkje får dei store konsekvensene for Bokn. I ei høyring om kollektivtilbodet har formannskapet uttala at reisetida ikkje må forlengast ved skifte av buss, nattbussen til Kårstø må fortsette til Bokn når det er passasjerar, og at ungdomskortet må gjelde for Kystbussen.

Svein Ove

 

August 2004

Sein sommar
Hadde tenkt å skriva vel overstått sommar, men så er det no me har sommaren. Eg håpar alle får nyta litt av han. Det er heller ikkje noko nytt at det er fint vér når skulen startar opp. Eg vil ønskje alle 1. klassingane, dei øvrige skuleelevane og lærarane lukke til med nok eit skuleår. 

Marknadsdagen
i Alvestadkroken 10/7 var godt besøkt. Mange kjem ”him” til Bokn for å treffa familie og vener denne dagen, og det er noko alle sett stor pris på. Sjøhuset diska opp med mat og heimebakst til kaffien og ms ”Andholm” var på besøk. ”Andholm” var ei fiskeskøyte som blei brukt i englandsfarten under krigen, og restaurert av frivillige, deriblant Olav Øvrebø og andre frå Bokn. Marknadsdagen er komen for å bli og det må arbeidast for at den skal fortsette.

Sommaren er ei roleg tid i det politiske liv, og er endå ikkje komme skikkeleg i gong. Tida nyttar eg til å rydda litt på kontorpulten og leggje planar for kva me skal gjere utover hausten.

Opprydding 1
Av ting me arbeidar med no er å få rydda opp etter konkursen og sal av utstyr i Bokn Fiskemottak AS. Det har ikkje lukkast oss å få
leigetakarar som vil driva vidare, og då har banken seld utstyr dei hadde pant i og bygget vil bli rydda. Kommunen vil så arbeida vidare for å få inn ny aktivitet.

Opprydding 2
Me har og arbeiddt mot vegvesenet for å få til ein skikkeleg rydding av trær og buskar langs vegane på Bokn. Vegvesenet har lova å sjå på problemet. Blir det ei løysing for korleis arbeidet kan gjerast, vil det innebera at grunneigarar langs vegkanten stiller seg
positivt til at trær og buskar kan fjernast. Det er heller ingenting i vegen for at grunneigarar, slik som fleire har gjort, tar tak i dette og
fjernar nokre tre og buskar. Det gjer at vegane blir mindre trafikkfarlege og at me ser noko av den fine naturen når me er ute og
ferdast langs vegen. Takk til dei som har gjort det.

Får komme med meir spennande informasjon i neste nr. av Bygdabladet.

Svein Ove

 

Juni 2004

Kommunestrukturen
Som eg tidlegare skreiv så ville eg komma tilbake med meir informasjon om kommune- strukturprosessen som pågår.

Etter mitt skjønn tar prosessen eit litt feil spor. Det blir for lite fokus og diskusjon om kva oppgåver kommunane og for den saks skyld fylkene skal driva med, og berre diskusjon om kor mange kommunar me skal ha og kor grensene skal gå. Eg meiner kommunane skal få mest mulig frihet, at me får eit levande lokaldemokrati. Det er best for at me skal få ønska utvikling.

Regjeringa prøver å gi kommunane meir lokal sjølvråderett gjennom avvikling av øyremerka midlar og større mulighet til lokale løysingar t.d. i barnehagedrifta. Så opplever me at fleirtalet på Stortinget ikkje vil fjerne øyremerka midlar og legg seg opp i drifta av kommunen, bl.a. kor stor søskenmoderasjonen i barnehagen skal vere. Dette er sentralstyring og viser at det blir vanskeleg for kommunane å få meir påvirkning over egen utvikling.

I arbeidet med å få meir lokal styring meiner regjeringa at me må ha kommunar som er robuste til å ta denne utviklinga og dermed at kommunane må bli større. Andre ønsker færre kommunar fordi me ikkje treng så mange og vil effektivisera Norge i og med at Stortinget skal bestemma kva og på kva nivå tenestene til dykk skal ha.

Oppi dette pågår altså prosessen om kommunestrukturen i Norge, og me på Bokn blir innvolvert. Det er ikkje nå realistisk å sjå for seg ein stor kommune på Haugalandet og Bokn er svært utsatt som egen kommune, der Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre har sagt at Bokn er for liten for dei framtidige utfordringane kommunane står foran. Dei andre partia ser og for seg ei endring, men er ikkje så konkrete.

Kommunestyret har samrøystes vedtatt at me skal delta i prosessen, påvirka den til å bli best mulig og samtidig førebu ei sak, saman med Tysvær, om og korleis ei eventuell konsekvensutredning om kommunesamanslåing skal gjennomførast. Kommunestyret skal sjølvsagt avgjera om ei slik konsekvensutredning skal gjennomførast.

Næringsutvikling
Kommunestyret har også vedtatt at Bokn skal vere med i et interkommunalt selskap saman med Tysvær og Haugesund om næringsutvikling på Haugalandet. Rogaland Fylkeskommune er og positiv til å vere med. Det er vanskeleg for Bokn å ha eigne tilsette til å ta seg av dette arbeidet og selskapet vil bli ein drivkraft for utvikling på Haugalandet, som er eit felles bu og arbeidsmarked.

For dei som ønsker hjelp eller støtte ved næringsetablering skal kontakten fortsatt vere ordførar eller rådmann på Bokn. Eg trur at dette vil medføre eit betre tilbud til etablerarar, kontaktnett og mulighet for næringsutvikling på Bokn. Det er å håpa at fleire kommunar sluttar seg til dette samarbeidet etter kvart.

Fri skuleskyss
Formannskapet har gått gjennom reglane for fri skuleskyss og vedtatt nokre betre ordningar enn lova seier: Alle førsteklassingane, dei som må over Boknasund bru og dei som har over 3 km skuleveg får fri skyss.

Kulturmidlar 2004
Formannskapet har også delt ut 100 000,- kroner til lag og organisasjonar på Bokn i kulturmidlar som eit lite bidrag til det fantastiske arbeidet dei legg ned.

Vil til slutt ønske alle ein riktig god sommar.

Svein Ove

 

Mai 2004

Så er endeleg våren komen med varme og lyse fine dagar. Dette gir oss ein ekstra energi og vilje til å stå på vidare for
familien, heimen og andre. Nyt tida.

Bokn Fiskemottak AS
Me er i kontakt med mulige etablerarar i Knarholmen, etter Bokn Fiskemottak AS sin konkurs, og kommunen vil gjere det ein kan for at det skal lykkast å få til ei ny etablering. Det hadde vore svært positivt for Bokn igjen å kunna tilby arbeidsplassar til dei som mista sin, eller til andre.

Rekneskapen for Bokn kommune 2003
Denne viser eit lite overskot, til tross for lågare eigedomskatt og høgare finansieringsutgifter enn budsjettert. God budsjettdisiplin og innsparingar gjer at me kjem ut med overskot. Dette viser og at Bokn har ein pressa økonomi, men og har kontroll over økonomien. Alle ansatte har gjort ein svært god jobb og klart å halde oppe driftsnivået, sjølv etter innsparingar.

Sjukefråvær
Det er beklaglig at kommunen har eit så høgt sjukefråvær som 8,8%. Kommunen har tatt fatt i dette og blitt med i Haugaland HMS senter, IA-bedrift og andre tiltak. Formannskapet vil ha eit ekstra fokus på dette området framover.
 
Miljøverk
Det har vore arbeida ei stund med eit felles miljøverk på Haugalandet, som innbefattar Toraneset kommunane, Haugesund og Karmøy. Bokn kommunestyre har gått inn for dette, og det blir forventa at alle kommunane gjer det, og me vil ha eit nytt renovasjonsselskap frå 1/1-05. Det er oppfatninga at med eit selskap vil ein få betre ressursutnytting, betre og billigare tenester enn om ein hadde halde fram kvar for seg. 

Servicetorget
Utviding av servicetorget i Bokn kommune har nå tatt eit nytt steg ved at det er gjort avtale med a-etat og trygdekontoret om å tilby deira tenester i tillegg til tenester for kommunen og likningskontoret som er der frå før. Ein får nå utført fleire tenester på ein plass og slepp å reise på fleire kontor, og er eit ledd i at Bokn kommune skal vere ein serviceinnstilt kommune overfor innbyggarane. 
Gjennom arbeidet med serviceerklæringane og budsjettarbeidet har politikarane og administrasjon fokus på å yta dykk best mulig service, det er derfor kommunen er til.

ADSL
Bokn kommune har fått til ein avtale med Telenor om å byggja ut ADSL, høghastighetsnett, på Bokn og dermed vil 80 -90% av befolkninga og bedrifter kunne nytte denne tenesta.

17. mai
Nå står feiringa av Norge sin nasjonaldag, for tur og eg oppfordrar alle til å delta i ei tradisjonell feiring av dagen. Me begynner med kapproing i Alvestadkroken, så tog til kyrkja, gudsteneste, tog til Boknatun og skulen, med tradisjonell feiring der.
Om kvelden blir det folkefest med underholdning og tale for dagen av tidligare statsråd og nå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa.

Velkommen.

Svein Ove

 

April 2004

Hei!

Bokn Fiskemottak AS
Det er beklagelig at Bokn Fiskemottak AS er konkurs og at ca 20 ansatte står utan arbeid. Det er alvorlig for Bokn og ikkje minst for dei som blir ramma av at arbeidsplassane opphøyrer. Bokn kommune eig bygget, medan SR-Bank eig utstyret, og me arbeider nå for å få ny aktivitet i bygget. I første omgang vil me prøva å få aktivitet som kan nytta bygg og utstyr som finst. Det er eit arbeid som blir svært vanskelig p.g.a. stor overkapasitet, permitering og nedlegging av bedrifter i bransjen.

Lykkast ikkje det vil me prøve å få annan aktivitet i bygget. Det er vårt mål at flest mulig kan få ein arbeidsplass her igjen.

Kommuneplanprosess
Mange av dykk har og vore med på kommuneplanprosessen for å staka ut satsingsområder for Bokn kommune i åra framover. Eg var svært glad for at så mange stilte opp og brukte tid på dette arbeidet. Det var ein optimistisk gjeng som var samla og som
hadde tru på framtida på Bokn. Dei kom med mange forslag til kva me bør satse på for å få til eit livskraftig lokalsamfunn på Bokn.

Forslaga vil bli tatt med i kommuneplanen og bli innarbeida i budsjetta etter kvart, noko kan me kanskje få til allereie i år. Det er viktig at me alle engasjerer oss i framtida og bidrar til ein god utvikling, dette er ikkje noko som kommunen åleine kan få til.

Vatn og avløp
Bokn kommunestyre har vedtatt nye regulativ for berekning av gebyr for vatn og avløp. Det nye er at kvar abonnent kan velje om han vil ha målar eller betale ut ifrå eit stipulert forbruk. Vel ein å betale ut ifrå eit stipulert forbruk vil der ikkje bli noko endring frå gebyra for 2004. Det vil bli ein auke i gebyr for gardsbruk og noko av næringslivet. Velgjer ein målar betaler ein leige for målar og for faktisk forbruk av vatn, det vil svare seg for dei som bruker lite vatn, under ca 200 kbm for ein bustad.

Saksbehandlingsgebyr
Bokn er ein av dei kommunane i landet som har tatt minst gebyr for saksbehandling. Kommunestyret ser det som nødvendig å
berekne noko meir saksbehandlingsgebyr enn me har i dag. All saksbehandling som angår bustadbygging vil bli fritatt for gebyr.

Foreldrebetaling i SFO
Bokn kommune har og hatt svært låge satsar for foreldrebetaling i SFO, og kommunestyret har satt opp satsane frå 1/8 -04 til eit nivå som tilsvarar det andre kommunar tar. 20,- kr pr. time for dei med minst bruk og 18,- kr pr. time for dei med mest bruk.

Det er beklageleg at kommunen må ta desse gebyra, men ein pressa økonomi gjer at kommunestyret vil ta desse gebyra framfor å redusera drifta tilsvarande. Alle desse endringane vil bli gjort kjente. Sjølv om dette blei mykje negativt får eg ønske alle ein god påske.

Svein Ove

 

Mars 2004

Omsorgsbustadene
Etter ei tids planlegging og bygging er omsorgsbustadane nå offisielt opna, sjølv om dei blei tatt i bruk før jul. Det var Jostein Nybø frå fylkesmannen i Rogaland som sto for opninga og det var helsing frå fylkeslege Ole Mattis Hætta. Det er nokre svært fine bustadar me har fått, og tilbodet som nå blir gitt til dei eldre er veldig godt og over snittet i Norge. Det er me stolte og glad for, sjølv om det er nokre som ikkje fekk plass.
Eg vil takke alle som har gjort dette mulig og deltatt i arbeidet, og takk til SR-Bank, Sanitetsforeningen, Pensjonistforeningen, vevstova og alle andre som har gitt gåve til bustadane.

Kommunestruktur
Som sikkert mange har sett så er det ein prosess på gong i Norge for å sjå på kommunestrukturen og offentlig organisering. Dette er komme opp med større og større tyngde frå mange hald. Det er auka krav frå innbyggarane, meir ansvar og oppgåver til kommunane og mangel på kompetanse i mange kommunar som er hovudgrunnar for at dette kjem opp nå. Kommunane må bli meir robuste for å møte framtida. Økonomiske motiv er nemnt, men tona ned.

Kommunane sitt forbund (KS) og Kommunaldepartementet er blitt enige om å køyre ein slik prosess og arbeidet vil starte opp snart. Det blir KS-styret i Rogaland som er ansvarleg for prosessen her. Bokn kommune er invitert til å delta i denne prosessen.
Formannskapet var heldige å få møte statssekretær i kommunaldepartementet for å presentere Bokn og diskutere kommune-strukturen.

Det er svært sannsynleg at Storting og regjering vil gjere noko med kommunestrukturen, og viss det ikkje skjer frivillig vil dei sterk
vurdera å bruke tvang,. Eg trur det blir eit tidsspørsmål før det skjer. Bokn er svært utsatt i denne prosessen, då mange allereie har signalisert at dette burde ha skjedd etter at me fekk fastlandssamband og er ein svært liten kommune.

La det ikkje vere nokon tvil om at Bokn kommune klarar seg godt, og det er ikkje noko akutt behov for at me skal bli slått saman med Tysvær. Det er likevel Formannskapet si oppfatning at det vil vere galt, og ikkje vil bli forstått, om me ikkje skulle delta i prosessen. Formannskapet vil og delta for at me sjølv kan vere med å styre og sette krav i prosessen.

Det vil nå bli sett på korleis me kan delta i prosessen, og det vil bli ei sak til Kommunestyret for å avgjere om og korleis me skal arbeide i denne prosessen. Vil då komme tilbake med meir informasjon om denne svært viktige saken for Bokn.

Rogfast
Det har og vore diskusjonar om ”Rogfast”, tunnel under Boknafjorden frå Bokn til Randaberg. Nokre på Karmøy vil ha omkamp og få ”Rogfast” til Karmøy. Fylkesdelplan og finansiering for ”Rogfast” er nå godkjent i Fylkes-tinget, og alle unntatt nokre få på Sør-Karmøy står bak det som er gjort. Eg er glad for at det ikkje blir noko omkamp, sjølv om dei skulle få saka opp i kommunestyret i Karmøy på nytt.
Dette initiativet er uheldig for samarbeidet og utviklinga på Haugalandet, og eg vil oppfordre alle til å stå samla for å få til ei god utvikling på Haugalandet.

Svein Ove

 

Februar 2004

Godt nytt år alle saman!

Året 2003 har komme godt i gong og eg håper alle har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring. Også nyttårsaften 2003 var det gudstjeneste med etterfølgende tale av undertegna. Det har blitt ein fin avslutning på det gamle året og starten på det nye året og ein tradisjon som eg håper blir sett pris på og vil fortsetta.

Til toppen

I 2003 har der vore 2105 stk på Boknafjellet, mot 1621 stk i 2003. Det er ny rekord sidan ein kunne skrive seg inn i boka. Rakel Jansen Alvestad frå Bokn og Andreas Djupesland frå Karmøy får krus. Det er fint at så mange tar ein tur på fjellet. Kommunen arbeider framleis saman med Idrettslaget og turlaget om å få til eit opplegg med fleire slike punkt på Bokn som folk kan gå til samt turløyper. Tida har ikkje strekt til for å bli ferdig, men håper at ein rekker å bli ferdig i år. Ein blir då kjent på Bokn, ein får litt mosjon og frisk luft. Til dei som sprengte postkassen på fjellet må eg berre sei at det ikkje er tøft å øydeleggja for andre.

Kommunebudsjettet 2004

Kommunestyret behandla budsjett for 2004 i møte 17/12. Etter at me fekk beskjed om at me fekk nesten 400 000,- kr meir i frå staten, fekk me beskjed frå Tysvær at eigedomsskatten frå Karstø ikkje auka så mykje neste år og måtte redusere skatteinntektene med ca 450 000,- kr. Det medførte at me hadde mindre pengar enn først antatt og mindre enn rådmannen sitt forslag til budsjett. Etter usemje om større bevilgning til spesialundervisning på skulen blei budsjettet einstemmig vedtatt.

I budsjettet ligg det inne fast, har vært midlertidlig, 80% stilling IKT, auke i helsesøsterstilling, avtale med Tysvær om ca 10% stilling i førebyggande ungdomsarbeid og MOT prosjekt med Frans Gisle Hansen, medlemskap i Haugaland HMS-senter, deltakelse i regionalt næringssamarbeid og tilbud om sommarjobb til ungdom. Ellers blei det mindre endringar.

Det er arbeid blant barn og unge samt arbeid for å få til fleire arbeidsplassar som er prioritert sterkast i budsjettet. Når det gjeld avgiftene så blei det vedtatt at vatn og kloakkavgiften skal auke med 5%, og renovasjon med 15% auke, barnehagesatsane blir 2 750,- pr. mnd. for full dag, medan SFO ikkje skal aukast.

Kommunestyret vedtok også ny plan for idrett og friluft. Av idrettsprosjekt er skytebane på Gunnarstad første prioritet med ballbinge i Hålandsjøen, ridehall og nærmiljøtiltak i Føresvik som dei neste. Blant friluftstiltak er småbåthamn og turstiar prioriterte.

Serviceerklæringar

Formannskapet og kommunestyret har nå begynt å behandla serviceerklæringar for dei enkelte tenestetilboda, og eg har stor tru på at innføring av serviceerklæringar vil medføre

betre tenester. Kvar brukar får betre oversikt over kva han kan forventa av innhald, omfang og pris på tenesta, samtidig som det kjem fram kva som blir forventa av brukaren av tenesta, eit grunnlag for betre medverknad og dialog for å utvikle best mulig tenester.

Formannskapet har innført eit nytt prinsipp nar det gjeld støtte til landbruket ved at avsette midlar til nydyrkning og kan tildelast til ny bygg og større utbedringar på driftsbygg. Nye retningsliner vil bli utarbeida og det vil bli anledning for alle som planlegg eller held på med bygg å søka.

Svein Ove