Truleg oppstart neste veke

Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Det er rett før oppgraderinga av E39 Håklepptunellen startar. Her får du siste nytt om prosjektet.

Kolonnekøyring/stenging av vegen vil skje i tidsrommet kl. 20:00 - 05:30 i vekedagane frå måndagskveld til fredagsmorgon. I helgene vil det bli fri ferdsel.

Det vil bli kontinuerleg kolonnekøyring fram til midnatt, og stengt inntil 40 minuttar etter midnatt.

Les også

Oppgradering av E39 Håklepptunellen

Bekymra innbyggarar

I tidlegare kunngjering går det fram at tunellen kan stengast inntil 3 timar ved sprengnings- eller sprutbetongsarbeid. 

- Dette er ikkje planlagt enno, men vil bli varsla seinast veka før. Dessutan vil dette truleg utførast etter midnatt, fortel Asbjørn Andås i Statens vegvesen, og rådar folk til å følga med på www.175.no