Oppgradering av E39 Håklepptunellen

Jardar Havikbotn Frå neste månad, september til april neste år blir det anleggsarbeid i Håklepptunellen. Oppgraderinga vil skje kveld/natt, kl. 22:00 – 05:30 med kontinuerleg kolonnekøyring.

Kolonnetider skal koordinerast med fergetider, med minst mogleg venting. Det må tilretteleggast for minst mogleg ventetid for utrykningskøyretøy, vinterdrift og kollektivtransport. Ved sprengnings- eller sprutbetongsarbeid vil det kunne vera behov for stenging i opptil 3 timar.

Dette fortel Rolf Helge Hjelmtvedt ved Prosjektavdelinga, Tunelloppgradering Region vest i Statens vegvesen.

Omfattande

Mesta AS skal utføra arbeidet, som inneber oppgradering av elektriske og styringstekniske installasjonar, anlegg- og byggeteknikk samt trafikkavvikling. Noko av arbeidet som skal gjerast er fylgjande:

Nytt teknisk bygg i sør med havarilomme.
Rehabilitering av eksisterande teknisk bygg i nord.
Eksisterande PE-skum skal rivast og fjelloverflata skal reinskast og sikrast.
Utviding av tunellprofilet med pigging der tunellprofilet er for lite.
Tunellprofilet skal sikrast med sprøytebetong.
Det skal byggast ein føringskant. Bak føringskanten skal det leggast nødvendige kablar og trekkerøyr. Til dømes går det med ca. 14 000 m med trekkerøyr og ca. 20 000 m med elkraft- og fiberkablar.
Nytt veglysanlegg.
To nye bommar ved tunnelportalane.
Fire nødstasjonar i tunellen og to nye ved tunellportalane.  
På føringskanten skal det monterast ein samanhengande ledelys-list som skal visa evakueringsveg ved ulykke/brann.
Nytt asfaltdekke.
Det vil bli montert manuell trykknapp på kvar side av tunellen for varsling for syklistar gjennom tunellen.


EU-direktiv

Bakgrunnen for at E39 Håklepptunnelen må oppgraderast er eit EU-direktiv som gjeld det såkalla TEN-T vegnettet i Europa (dei viktigaste europavegane), og for Rogaland er E39 ein del av dette vegnettet.

Oppgraderingene skal sikra at tunellane tilfredsstiller nye og strengare krav til tryggleik i tunellane.