Strandryddedagen 2017

Det blir strandryddedag laurdag 6. mai, med depot i Bokn Arena (BA) kl. 11-17. Parti-frå-Steinsvikane.jpg

Denne gong blir det organisert rydding i seks område i kommunen; Ognøy/Ognøykalven, Vågholmane, Sandvika, Ytre Lauplandsholmen/Arsbergene, Våga og Austre Hognalandsbassenget. Ein ansvarleg på kvar plass har løpande kontakt med BA, og folk som møter opp i BA blir fordelte etter ønsker og behov. Når dei kjem att får dei mat.

Bakgrunn

Stort engasjement

Ein del av Bokn si 120 km lange kystlinje blir rydda for søppel i samband med årets aksjon. Mange har allereie vore i sving, både hyttefolk og fastbuande. Skule og barnehage har sine vårlege opprydningar, og Føresvik Velforening har varsla strandrydding første veka i mai, for å nemna noko. Tremateriale skal ikkje i søppelsekkar og kan samlast saman i haugar, men ikkje slik at dei kan flyta ut igjen.

Folk som ikkje vil plukka langs sjøen, er sjølvsagt velkomne til å vera med. Det er det same kor du hentar boss, men det er ikkje lov å plukka langs E39.

Mykje plast

Eit døme på framifrå innsats er familien Ellingsen (16 pers.) som har rydda i Store Austvika i Loten. Sigbjørn Ellingsen melder om mykje plast,  men også ein del tremateriale. Vrakrester etter ein plastbåt kom dei også over.

Plastalderen me lever i representerer ei av vår tids største miljøutfordringar. Mange fekk me seg den sjuke kvalen med 30 plastposar i magen på Sotra i februar, og har lyst til å gjera ein innsats i nærmiljøet.

I tillegg til Loten, har hyttefolk også tatt ansvar for plassar på Jøsang, Sunnaland, Bakkjen og Breivik.

Les også: Strandrydding

Frå holdnorgerent.no

Eit reinare Bokn

Me er svært glade for at Ragn-Sells, Friluftsrådet Vest og HIM bidrar med søppelsekkar, hanskar og containarar. I samband med Strandryddedagen blir det plassert ut containarar på kaiane Hognaland, Tåganes og Føresvik, på Ognøy, i Knarholmen og ved Bokn Arena. Desse skal berre brukast til dette ryddeprosjektet, som er ein del av Den nasjonale Strandryddedagen, landets største kollektive ryddedugnad - etablert i 2011 - ein del av strandryddeveka (2.-7. mai). Målet til arrangør Hold Norge Rent er eit søppelfritt Noreg. 

Viss det blir ruskevér 6. mai blir dagen utsett.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bokn Røde Kors, Bokn Senterungdom, Bokn Gatebilklubb, Bokn Sykkelklubb, Bokn Idrettslag, Bokn KFUK-KFUM-speidarar, Bokn Sanitetsforening, Bokn Fiskarlag og Bokn kommune.

Me ynskjer m.a. å koma i kontakt med personar som kan stilla med båt den 6. mai.

Du er hjarteleg velkommen til å gjera ein innsats for eit reinare Bokn!

Kontaktpersonar:

Elisa Skeie, tlf. 95160456
Audhild Sæbø, tlf. 45438459
Kjell Arne Valentinsen, tlf. 92242275
Jardar Havikbotn, tlf. 98221508