Strandryddedagen 6. mai

Initiativtakar Elisa Skeie frå Bokn Røde Kors og Drifts- og Eiendomssjef Kjell Arne Valentinsen.Initiativtakar Elisa Skeie frå Bokn Røde Kors samarbeider m.a. med Drifts- og Eiendomssjef Kjell Arne Valentinsen om søppelplukking i Bokn.

 

 

Bokn Røde Kors har tatt initiativ til å avvikla strandryddedag på Bokn 6. mai. Dei har fått med seg Bokn I.L, Bokn sanitetsforening, Senterungdommen, Bokn sykkelklubb og Bokn gatebilklubb, og fleire er velkomne.

Det viste seg at Kjell Arne Valentinsen ved seksjon teknisk også jobba med eit slikt ryddeprosjekt, og det er oppretta eit samarbeid om gjennomføringa. Kulturkontoret er også med og hjelper til.

Valentinsen har t.d. dialog med Friluftsrådet Vest og HIM om søppelsekkar, utsetting og henting av containarar og sponsing av prosjektet.

Base

Ordførar og rådmann har også signalisert at kommunen vil dekka utgifter til mat og drikke. Som under oppryddingsdugnaden i mai 2015 blir det ein base kor folk kan samlast, og ein skal ikkje sjå bort i frå at vandrepokalen for Årets søppelplukkar (PDF, 2 MB) dukkar opp igjen den 6. mai.

Med mål om å halda heile Bokn reint vil det i neste veke bli avvikla eit samarbeids- og organiseringsmøte.

Den nasjonale Strandryddedagen, landets største kollektive ryddedugnad - etablert i 2011, er ein del av strandryddeveka (2.-7. mai). Målet til arrangør Hold Norge Rent er eit søppelfritt Noreg.