Strandrydding

Parti-frå-Steinsvikane - Klikk for stort bileteParti-frå-Steinsvikane Jardar Havikbotn

Oppfordring til hyttefolk på Bokn. 

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 06.04.2017

6. mai er den nasjonale Strandryddedagen og det skal vera stor dugnad for å rydda strendene på Bokn. Har de lyst å bidra vil ein setta stor pris på det. 

De treng ikkje venta til 6. mai, men kan starta allereie i dag. Gå saman med naboane, eller ta dykk ein tur åleine og samla opp rapen som ligg rundt omkring.

Les også: Strandryddedagen 6. mai

Blir henta 6. mai

Kommunen samarbeider med lag og org. om Strandryddedagen, og det blir henteordningar laurdag 6. mai. Gi oss ei melding om søppelmengde og kor me kan henta det.

Det er også fint viss de markerer på eit kart kor de har rydda, så einslepp å gå over same området seinare. Send kartet til Kjell Arne Valentinsen.

Spørsmål, kontakt Kjell Arne Valentinsen på tlf. 922 422 75, eller Elisa Skeie, Bokn Røde Kors på tlf. 951 60 456.

Login for redigering