Midlertidig stenging, Vatnaland - Kleivå

Forberedande arbeider før asfaltering av Fv 891, Lodavegen på strekninga Vatnaland - Kleivå, gjer at den midlertidige stenginga må forlengast til 6. juli. Aktuelt tidsrom er kl. 07.00 - 15.00 i samband med graving av grøft og legging av høgspentkabel. Omkøyring via Trosnavåg.

Anleggsleiar Asbjørn Askeland i Vassbakk & Stol opplyser at bebuarar i det aktuelle området langs Lodavegen får løyve til å køyra til eigedomane sine, og bussrutene vil gå uhindra.

Opplysningstavler om stenginga vil bli plasserte i Arsvegen i Arsvågen, i Føresvikvegen og i Lodavegen.