Nytt tak

Arvid Sæbø 10. september var det nye taket på Kårhuset på Laupland ferdig.

Bilde: Lars Ove Vatnaland frå museumsstyret i Bokn er godt nøgd med taket.

Inne i huset er årstalet 1749 rissa inn, etterfulgt av nokre initialar. Arvid Sæbø Platetaket i den akutte redningsaksjonen for å berga det som bergast kan har kome på plass. Prosjektleiar Arvid Sæbø kunne 21. september melda om, frå inne i Kårhuset - at alt nå var tørt og fint. Taket, som er skrudd veldig godt fast, skal også festast med barduner.

Gjerde og grusveg

I godt samarbeid med grunneigaren er nå dyra som går på beite rundt bygningane, førte vekk frå området. Det skal også gjerdast og lagast ein liten grusveg frå fylkesvegen i nordaust.

Det er ikkje berre på Turstien i Føresvik dugnadsånden er stor. Arvid Sæbø har fått med seg folk etter behov og fortel om god hjelp. Ein stor takk til Håvard Hetland, Magnar Are, Ottar Borgenvik, Gunnar Sæbø, Agnes Sæbø og Lars Ove Vatnaland!