Takk til dugnadsgjengen!

Johannes Nilssen Turstien i Føresvik er nå «ship shape» og klar til bruk.

Bilde: Ferdig reparert og grusa 20. september.

- Ja, nå kan ivrige turgåarar boltra seg i ein strøken trasé, seier prosjektleiar for «Lys på Turstien», Johannes Nilssen. Dugnadsånden er definitivt ikkje død! Eg tar av meg hatten og vil retta ein kjempetakk til den positive dugnadsgjengen, fortel han.

Les også:

Kablingsarbeid

Ingolf Borgvald Are, Roy Olsen, Rune Vatnaland, Nils Bjørn Nilssen, Odd Grønnrestad og Annstein Vik har lagt ned eit fantastisk arbeid, og uttalige timar i all slags vér har gått med.

Reparert og grusa

Anleggsarbeidet med maskinar er ferdig. Turstien er kabla og fundamenta er lagde på plass. Dei nærmaste dagane skal det monterast lysmaster, eit arbeid ein håpar å få ferdig til månadsskiftet september/oktober. Elektrikararbeidet skal utførast av Jatec.

Etterpå gjenstår berre litt kosmetisk arbeid før prosjektet er ferdigstilt, avsluttar Johannes Nilssen.

Bilder frå 20. september, med enkelte frå dugnadsgjengen. Foto: Johannes Nilssen.