Nybygget til sjukestova har begynt å reisa seg. Prosjektet skal vera ferdig til jul.
Bilde: Bokn sjukestove 15.02.18
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 15.02.2018 15.31
Prosjektleiar Kjetil Eltervaag frå WSP Norge AS fortel at arbeidet har gått framover i tråd med planane.
I forhold til det det som blei presentert i Bokn Bygdablad i desember 2016, er det små endringar for nybygget; det blir bygd sju nye omsorgsbustader og fire nye rom for demente, samt ein sansehage.
Ny bekketrasé
For å unngå mogleg framtidig flom og for liten kapasitet på dagens røyrtrasé for bekken frå Boknafjellet og ned i Føresvik indre hamn, blei det i samband med grunnarbeidet beslutta å legga om traséen (bildet). For Boknatun og bustadene ovanfor er nå bekken samla i auka røyrdimensjon rett ned mot sjøen. Traséen er ikkje ferdig enno.