Tilbygg og ombygging av Bokn sjukestove

Ein håpar å starta bygginga i haust. Fasade mot sør.

I følge leiar for arbeidsgruppa, Rune Vatnaland, går fristen for å levera tilbod på bygget ut 16. juni. Entreprenør blir valt etter ein gjennomgang av løysingar, byggetid og pris. Utbygginga blir todelt; først nybygg - så ombygging og brannsikring i det gamle bygget.

Frå Bokn Bygdablad, desember 2016:

Boknatun blir større

Fasade mot søraust.Dette var overskrifta då prosjektet blei omtalt i Bokn Bygdablad i desember i fjor.

Bokn sjukestove skal byggast om og utvidast. Samstundes kjem det nye omsorgsbustader i to fløyer der det i dag er sansehage.

Det heile skal henga saman slik at ein kan gå tørrskodd frå det eine ytterpunktet til det andre.  Byggeprosjektet, som har eit samla areal på 1.000 m2 og ein kostnad på 44 mill. - der ca. 50% er statlege midlar, har planlagt oppstart 1. juni neste år og skal vera ferdig til sommaren 2018.

- Vedtaket om nye omsorgsbustader blei gjort i desember i fjor, og arbeidsgruppa har dette året hatt god aktivitet, opplyser kommunalsjef tenester, Ingunn Toft.

- Det har gått greit, seier leiaren av den tverrpolitiske arbeidsgruppa, Rune Vatnaland. Han fortel at dei har vore samkøyrde og samde om løysingar, og  sluppe dei store diskusjonane om mange ting.

Fasade mot sørvest.

Det blir ominnreiing og oppdimensjonering av fasilitetar i eksisterande sjukestove samt nybygg med omsorgsbustader. M.a. skal opphaldsromma bli fleire og større, og kjøkkenet blir nytt - der det gamle kjøkkenet blir ein del av det nye. Det blir også ny parkeringsplass på nordvestre side av bygget.

 


Flott og praktisk

Plassen for den nye bygningsmassen peikte seg også tidleg ut, Boknatun blir utvida mot søraust. Etter utbygginga vil sjukestova få to sansehagar, der den eine blir lukka og berekna for demente. Den andre skal bli eit tun, med håp om å knytta saman barn og eldre.

14 bebuarar

Fasade mot vest.

I dag er det 12 bebuarar på sjukestova, som i utgangspunktet er bygd for seks brukarar. Nå skal det byggast fire nye sjukeheimsrom, medan to gamle blir nedlagde, for å gi plass til større stove og spiseplass. Netto auke blir då på to rom, og det blir plass til 14 bebuarar ved sjukestova etter ombygginga.

Omsorgsbustader

Bebuarane i dei gamle omsorgsbustadene frå 1995 skal flytta over i dei nye. Det blir bygd åtte nye omsorgsbustader som blir tilrettelagde for at folk skal klara seg sjølve lengst muleg, i tråd med ynskjene til dei eldre.

Utbygginga vil ikkje umiddelbart føra til at det blir mange ledige bustader. Bebuarane i dei gamle omsorgsbustadene skal nemlig flytta over i dei nye. Kva som skal skje med trygdebustadene frå 1995 er førebels uklart, seier Ingunn Toft.

Moderne

Det som er klinkande klart er at Bokn med denne om– og utbygginga får mykje meir funksjonelle bustader, både for bebuarane og dei tilsette. Bueiningane blir spekka med moderne velferdsteknologi, tilrettelagde etter dagens og framtidas krav og pleiebehov.

I førre månad blei det informert om prosjektet i møte med naboar, bebuarar i omsorgsbustadene og pårørande.

Arbeidsgruppa består av Rune Vatnaland (Sp - leiar), Lene Foss (H), Sigmund Alvestad (KrF), Jørgen Thuestad (A) + tillitsvalt frå NSF (Norsk Sykepleierforbund). I tillegg er det ei ressursgruppe, med hovudstillitsvalt, repr. frå NSF, styrar ved sjukestova og kommunelegen. Alle tilsette på sjukestova har også mulegheit til å koma med innspel.