Husdatering

Klikk for stort bileteDirektør i Haugalandmuseet, Mads Ramstad (th) og dendro-ekspert Andreas Kirchhefer framfor kårhuset og røykstova på Laupland.Nå skal me få veta kor gamle kårhuset og røykstova på Laupland er.

18. februar hadde direktør i Haugalandmuseet, Mads Ramstad, med seg dendro(tre)-eksperten Andreas Kirchhefer, for å gjera undersøkingar av museumsbygningane. Tidlegare hadde dei vore på synfaring kor eksperten frå Tromsø hadde sett på dei gamle husa.

Han bora små hol inn i tømmekjernane til dei historiske bygningane. Tilbake i Tromsø skal prøvane analyserast.

- Det kan ta noko tid med analysane, men ikkje så veldig mange vekene før me får resultatet, seier Mads Ramstad, som håpar å få ei ganske nøyaktig datering av når kårhuset og røykstova på Laupland er bygde.

Spennande

I følge museumsdirektøren har dei til nå trudd, ut frå inskripsjonar og gamle notat, at kårhuset er frå 1740-åra og røykstova frå slutten av 1600-talet.

- Da me tok dendrokronologiske prøvar av tollbua på Nedstrand, viste det seg at ho var bygd av tømmer felt vinteren 1549/1550, altså er bygningen hundre år eldre enn det me antok. Kårhuset og røykstova på Laupland er blant dei eldste tømmerhusa me har i regionen, og dateringa av tollbua opnar for at me har eldre hus her på Haugalandet enn me har visst om, og derfor er dette spennande, seier Ramstad entusiastisk.

Han legg til at det også fortel oss at me har ei eldre bygningshistorie å fortella enn det me kjenner til, frå dei gløymde hundreåra mellom vikingtida og 1800-talet.

- Kanskje me på Bokn har to hus som den internasjonalt kjende forfattaren av Trosners dagbok, Daniel Trosnavåg (1689-1741), har besøkt?, avslutta Mads Ramstad før dei drog vidare for å ta prøvar av Kleng Person-huset på Sandbekken.

 

Dendro

Av gresk dendron som betyr tre. Dendrokronologi, treringdatering eller årringdatering er ein metode for absolutt datering av fellingsåret i tømmer.