Fv. William Kro, Odin Sæbø Hansen, Mathias Mortensen Hemdorff, Lovise Røsdal Lund, Torstein Nicolaj Freitas Johannessen, ordførar Egil Våge, Bohdan Artyrovich Merlikov, Veslemøy Våga, Ådne Norekvål, Nathaniel Martin Vikøren, Monika Øvrebø, Truls Foss, Espen Ognøy Våge, Ove Berge Christiansen. Jamgamle Jonas Lindnes Thuestad, som er busett i Bokn, men som har gått ungdomsskulen i ein annan kommune, får verdibrevet sitt på Boknatun.
Åse Bratthammer
Målet er at dei, etter å ha utdanna seg, kjem tilbake til heimkommunen og bygger/kjøper bustad i Bokn før dei fyller 30 år. Då kan dei løysa inn verdibrevet, som er på 25 000 kr.
Verdibrevet blir delt ut til alle elevar som går ut av 10. klasse i Bokn. Ordninga blei sett i kraft dette året.
Les også:
Avslutningsfest for avgangselevane
Stimulering til busetting
Ordførar Egil Våge stod for utdelinga på avgangsfesten.
-Bokn kommunestyre vedtok i kommunestyremøtet 17.06.25 å innføra ei ordning med verdibrev på kr 25 000 kr til alle elevar som går ut av 10. klasse ved Bokn skule, gjeldande frå 2025-kullet, fortel han.
-Verdibrevet er tenkt til å stimulera ungdom frå Bokn til å busetta seg i heimkommunen. Verdibrevet blir løyst ut ved kjøp eller bygging av eigen bustad i Bokn.