Framme fv. Bohdan Artyrovich Merlikov, Ådne Norekvål, William Kro, Torstein Nicolaj Freitas Johannessen, Espen Ognøy Våge. Midten fv. Mathias Mortensen Hemdorff, Truls Foss, Lovise Røsdal Lund, Ove Berge Christiansen, lærar Merete Alvestad. Bak fv. Nathaniel Martin Vikøren, Veslemøy Våga, Monika Øvrebø, Odin Sæbø Hansen.
Åse Bratthammer
Av Åse Bratthammer
Wenche Havikbotn leia festen trygt og godt og med mange gode ord undervegs - og ein tale med skjemt og alvor om vegen vidare.
Klassekontakt dei tre siste åra, Merete Alvestad, heldt óg ein flott tale til elevane der ho framheva styrkene til kvar enkelt og snakka om fleire høgdepunkt undervegs i tre år.
Les også:
Verdibrevordning
Varme ord
Katrine Kirkhus, som dei hadde nokre år på barneskulen, snakka og varmt til ungdommane. Ina Tangen og Reidun Hinderaker, som har vore lærarar i år, helste dei med å dela ut gåveposar og godord.
Elevane sjølve hadde ein tale der alle var med og heidra lærarane sine. Det blei servert smørbrød og is. Ordføraren delte ut verdibrev til alle, og dei fekk vitnemåla og rose frå Wenche og Merete.