Tradisjonsberarar

Korleis står det til på Bokn vevstove?

Bilde: 
Vevkjerringar: bak fv. Ingunn Våge, Ragna Alvestad, Alicia Jopia og Wenche Jøsang. Framme fv. Ingebjørg Alvestad, Brit Holberg og Bjørg Alvestad. (Ingunn Are, Randi Edvardsen og Liv Lie var ikkje til stades då bildet blei tatt).

Tekst & foto: Jardar Havikbotn

Bjørg Alvestad med ferdig renning.Gamle Kyrkjebygda skule, innvigd i 1951, er ganske stille ein onsdagskveld i 2018. Men det er utanpå, går du opp i tredje etasje blir du møtt av ein gjeng imøtekommande, blide og snakkeglade damer - vevkjerringar, som dei kallar 
seg. Her snakkar me om ei tradisjonsrik foreining som er opptatt av, nettopp å føra vevtradisjonen vidare. Bokn vevstove starta våren 1977 og hadde såleis 40 års-jubileum i fjor.

Vevstova har alltid halde til i dette bygget, som lenge har vore eit kultur- og aktivitetshus. Det var Ingjerd Ellingsen som på tidlegare nemnde årstal sat saman med Grethe og Jan Spurkeland og diskuterte kor ei gruppe med vevinteresserte folk  kunne vera. Løysinga blei 2. etasje. Der blei dei til Bokn barnehage etablerte seg, og damene fann seg til rette i toppetasjen – først i nordresalen, så i sør, der dei er i dag. Kvar onsdag gjennom heile året. I tillegg har alle vevkjerringane kvar sin nøkkel, så dei kan gå og veva når dei vil.

Sosialt

I dag er det 10 av dei. Det var mange fleire i starten, men det går som kjent opp og ned med det meste. Det som er spesielt er at tre av dei som er med i dag også var med frå starten; Wenche Jøsang, Ingebjørg Alvestad og Bjørg Alvestad.

- Av og til blir det veldig lite veving og mykje løysing av verdsproblem, ler Wenche Jøsang då me set oss med pausebordet.

Alicia Jopia med køyrebevis.Målsettinga til Bokn vevstove har heile tida vore å driva tradisjonen vidare, med stor vekt på det sosiale. Etter ein interessant handarbeidstime med mykje nostalgi og lått og løye, vil eg aldri vera i tvil om det stemmer. I den godt samansveiste gjengen kjem både kunnskapen, smilet og latterkulene tett.

Ei som bidrar sterkt til ei humørfylt stund er den yngste i flokken, Alicia Jopia. Denne kvelden var ho også i ekstra godt humør, etter å ha fått sertifikat same dag - gratulerer! Ho har vore med og vove i sju år og kunne ingenting då ho begynte. Alicia fortel at ho synest det er fantastisk å vera vevkjerring. Dei andre skryter veldig av henne og seier ho lærer fort.

- Flinke lærarar, veit du, kjem det raskt frå Alicia, som for tida vev eit såkala Ingvaldteppe.

Sterke tradisjonar

Nå skal det vevast. Brit Holberg med Ingunn Våge og Bjørg Alvestad bak.I tillegg til Ingjerd Ellingsen og Grethe Spurkeland var også kulturpersonlegdomen Målfrid Kro Trosnavåg med og drog i gong vevstova i 1977. Ikkje uventa blir namnet nemnt fleire gonger i løpet av samtalen, og rennebommen der oppe er etter Målfrid.

Dottera Ingunn Våge tok opp arven og byrja å gå der då mora slutta. Ho fortel at mora hadde litt veving frå husmorskulen, men det meste var sjølvlært. Ingunn har sjølv tatt vevfaget frå husflidsskulen.

- Vevstova var det kjekkaste mor visste, fortel ho.

At Målfrid var på vevstova same kvelden som ho døydde, fortel det meste.

Å slå er berre kos

Fv. Ragna Alvestad, Wenche Jøsang og Ingebjørg Alvestad i aksjon.Den koselege kaffistunda inneheld sjølvsagt ord som skaft, hovlar, renning, trøer, innslag og å tre, med renning som det oftast nemnde. Damene set gjerne opp 15 m med same renning, så vev alle kvar sin løpar. Når løparen er ferdig byter dei til neste ledig vev, slik at alle vev på alle vevane.

Alle treng heller ikkje veva kvar gong, får eg veta. Dei har ofte anna handarbeid med seg i den orange sofaen, der dei t.d. strikkar, ser i blader og får inspirasjon, 
trer, m.m. Det er ikkje berre å setta seg og veva, det er mykje forarbeid. Å slå med vevskeia er berre kos, ler dei.

Renne-rekorden meinar dei kan vera på 1.200 trådar x 15 m. Det går kanskje fire kveldar på å laga ei slik renning.

- Og då løyser me mange verdsproblem, kjem det frå Brit Holberg. Ny rungande latter!

Lærer av kvarandre

Rennebommen er sentral på Vevstova.
Apropos strikking. Dei har også hatt strikkekafe i nordre salen, noko dei nemner var veldig kjekt. Då lærte dei mykje av kvarandre.

- Likeeins er det på veven. Me lærer jo heile vegen, skyt Ragna Alvestad inn.
- Det er også veldig flott at me kan driva gjenbruk av ting, seier ho.

Vevkjerringane betaler kr. 200 kvar i året til forsikring. Dei ønsker nye medlemmer velkomne, i alle aldre, for å føra tradisjonen vidare. Dei nemner at dei har 
ubegrensa plass, sjølv om rommet husar mange vevar. Interesserte kan ta kontakt med Wenche Jøsang på tlf. 980 78 351.

Aktivitetar

Utveksling av kunnskap, oppskrifter, modellar, m.m. har det også opp gjennom åra blitt då dei har besøkt og fått besøk av vevstover i Tysvær og Finnøy. Dei har også hatt ulike utstillingar og salsmesse.

Gjengen på pauserommet.Barnehagen var oppe og vov då det var barnehage i same bygget, og ikkje minst har dei hatt besøk av Petra-ungdommar. Det nyaste besøket var for nokre år sidan, då Speidaren hadde vevestasjon der i samband med «Kampen om Vikingskipet». Då vov dei på eit teppe som seinare blei lodda ut på Speidarbasaren.

- Det var veldig kjekt, seier dei i kor.

Barndomsminne

Svært mykje handarbeidskunnskap er samla når Vevstova har aktivitetskveld, kunnskap som damene har lært seg litt av på skular, men mest heime i barndomsåra. Gåve til Bokn kommune i år 2000 - laga av sildagarn og tau.
Bjørg Alvestad fortel at ho sette opp vev i lag med bestemor si, Bertha Johanne Are, i 1948, heime i Våga. Det er 70 år sidan, det!

- Då vov me filleryer, kan ho hugsa.

Ingebjørg Alvestad gjorde det same heime i Loten, frå den gong ho så vidt kom ned til trøene på veven. Ingunn Våge har både minner frå bestemora i Kro og då ho fekk sitta inni rennebommen på Ognøy, noko som var kjempestas.

Takksame

Dei stadfestar at dei er veldig heldige som får vera her heilt gratis.

- Ja, det er berre heilt fantastisk, seier Ingebjørg Alvestad, som i samband med kommunen sitt 150 års jubileum i år 2000 laga eit oppheng med boknamotiv - av 
sildagarn og tau. Gåva blei gitt i takksemd over å ha ein plass å vera.

Den humørfylte gjengen ønsker fleire medlemmer, i alle aldre, for å føra tradisjonen vidare.På veg ned trappene og ut att av gamle Kyrkjebygda skule blir det igjen stille, men med forsikring frå damene i 3. etasje om at dei held fram der til dei ikkje klarar å gå opp trappene meir.

Kjelder: Birger Lindanger: «Bokn Kultursoga 2016» og Ingjerd Ellingsen.

Fleire glimt frå Bokn vevstove:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete