Søknad om utsleppsløyve - høyring

Foto/teikning: Ved Boknafjordtunellen Nord. - Klikk for stort bileteFoto/teikning: Ved Boknafjordtunellen Nord. Statens vegvesen Statens vegvesen – Søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp av anleggsvatn ved Arsvågen, Bokn kommune – utlegging til offentleg høyring.

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region Vest om løyve etter forureiningslova § 11. jf. § 16.

Søknaden gjeld utslepp av anleggsvatn frå tunneldriving, og permanente utslepp av innlekkasjevatn og reinsa vaskevatn frå Boknafjordtunnelen Nord, E04.

Det skal etablerast to utsleppspunkt; eit sør for Solholmen/eksisterande molo ved Arsvågen og eit søraust for Lauplandsholmane. Søknaden omfattar utslepp av 48 l/s anleggsvatn frå tunneldriving og parameterane nitrogen, høy pH, tungmetalla, suspendert stoff og organiske forbindelsar er rekna for å ver dei viktigaste når det gjeld forureining.

Utsleppspunkta er i nærleiken av skjelsand, tareskog, oppdrettsanlegg og låssetsjingsplass. Det er i tillegg i nærleiken til fiskeplassar for hummar, fisk og reke.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Bokn kommune, Boknatun, 5561 Bokn, og på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider www.fylkesmannen.no/rogaland under «miljø og klima» og «Høyringar».

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no , innan 4 veker frå utleggingspunktet.

Vedlegg:

Høyring (PDF, 191 kB) 

Søknad (PDF, 29 MB)