Skulebasaren 2025

Bli med på skulebasar til inntekt for TV-aksjonen, fredag 17 .oktober kl. 10 -12.

Bokn skule inviterer alle i bygda til årets skulebasar. Inntektene frå basaren går uavkorta til TV-aksjonen og Atlas-alliansen sitt arbeid med å opna dører for menneske med funksjonsnedsetting som lever i krig og fattigdom.

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gåvmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg. 

Det blir opptrinn av elevar og fylkeskoordinator Jorunn B. Eia vil ha appell.

 

Som vanleg er alle velkomne til å bidra med gevinstar til basaren. Desse kan leverast til skulen denne veka.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det sal av heimebakst og moglegheit til hyggeleg drøs.

 

Skulebasaren

Den tradisjonelle skulebasaren blei første gong arrangert i 2003, og det er såleis basar nr. 23 i år. 

Dei 22 første skulebasarane har til saman samla inn heile 640 639 kr - eit fantastisk resultat!

Gjeldande rekord blei sett i 2022. Då kom det inn 58 355 kr til Leger Uten Grenser.