Presten pensjonerer seg

Sokneprest Arne Aurdal i eit nøtteskal: enkel illustrasjon av dagens tekst. Her frå 17. mai 2008. Jardar Havikbotn Arne Aurdal har vore sokneprest i Bokn og Tysvær i 27 år. 1. september blir han pensjonist, men vil gjennomføra konfirmasjon i kyrkja 27. september.

Underteikna hadde ein koseleg samtale med presten og kyrkjeverje Jan Magne Moi tidlegare i sommar. Det viser seg at ingen prest sidan 1850 har vore så lenge i Bokn og Tysvær som Arne. 69-åringen humrar fornøgd av rekorden.

Godt likt

Dyktig, hyggeleg, imøtekomande, kvikk i replikken og humoristisk er stikkord som gjer han til ein svært godt likt prest. Presten opna Bokn Arena 1. oktober 2016. Eirik Nedrebø (tv.) og Wolfgang B. Ognøy heldt snora. Skjermdump frå video av Armand Svendsen  Både underteikna og kyrkjeverja kjem under samtalen med fleire døme på at folk set stor pris på han. Arne synest dette er svært hyggeleg og seier han vil ta dette med seg inn i pensjonisttilværet.

Før mannen frå Gjøvik kom til Bokn, var han eitt år i feltprestkorpset (som nå heiter Forsvarets tros- og livssynskorps) i Kongsberg, fem og eit halvt år på landsplan i KFUK/KFUM og prest i Oslo i åtte og eit halvt år.

Den siste offisielle gudstenesta hans i Bokn kyrkje er 23. august. 6. september er det klart for den nye presten, Tor Egil Eriksen.

Møte

Møte med enkeltmenneske i alle livets forskjellige fasongar har vore det mest givande for Arne i prestegjerninga, Presten er ein god talar. Her held han tale for konfirmantane på Bedehuset i 2004. Kari Hetland fortel han. Presten deler dette opp:

  • Han, som har døypt rundt 2 000 barn, synest det er stort å komma inn i desse nybakte heimane og møta dei som er i ferd med å bygga opp livet og framtida.
  • Ungdommen gir deg nærkontakt med livet og kva som rører seg
  • Møte alle forskjellige menneske er ein rikdom
  • Møtet med livets smerte og livets sorg i gravferder

Dei to første punkta vil han seia er brennpunkta hans som prest; å møta ungdom og dåpsforeldre.

- Eg har alltid likt å jobba med ungdom, sjølv om konfirmantar ofte gir pedagogiske utfordringar, så er det ofte det som har vore det mest spennande.

- Å formidla noko til dei som skal døypa barna sine synest eg er veldig givande. Eg er spesielt opptatt av dåpsopplæringa, og har tidlegare hatt ulike undersøkingar omkring dåpen, seier 69-åringen.

Apropos konfirmantundervisning:

Ein gong undervisninga skulle vera i kyrkja, hadde han ho på trappa, for døra var låst. Då konfirmantane var gått, tok presten nok ein gong i døra.

- Det viste seg at ho var open – ho berre sat litt fast, flirer han.

Dei tunge tinga

Fire drukningsulykker i Loten han vore svært tunge, blant dei triste historiane. To gutar i konfirmasjonsalder drukna hausten 1996 - og to brør hausten 2018. 

I tillegg har fleire ungdommar gått bort i ulykker i hans presteperiode, og vore vonde og tunge ting.

Digitale handlingar

Koronasituasjonen har i år ført til at kyrkja i Bokn har vore meir på (inter)nettet enn vanleg i vår. 17. mai-gudstenesta blei også digital, og presten nyttar anledninga til å takka alle som gjorde prosjektet mogleg.

Frå den digitale gudstenesta, 17. mai 2020. Fv. organist Bergfrid Seibt, songsolistane Håkon Sletten og May Jorunn Vatnaland og Arne Aurdal. Skjermdump frå video av Armand Svendsen - Der gjorde Bokn ein kjempejobb, seier han.

Arne spøker med at han også blei «internettprest» i sitt siste år som prest, og trur at digitale innslag i kyrkjeleg arbeid ikkje vil forsvinna når koronaviruset ein gong forsvinn.

- Det er viktig å følga endringane i samfunnet og ta vare på og utvikla eit supplement som gir oss eit større og kanskje nytt publikum, seier han, og nemner samstundes at dei faste gudstenestene blir streama ned til sjukeheimen, for dei som vil sjå.

- På ei gudsteneste er det viktig å ivareta det stille preget rundt hendinga, til ettertanke og fordjuping. Mens på nettet må alt gå kjapt, med innslag på 2-8 minuttar, meiner han.

Arne trur framtidas prest bør setta av ein time kvar tysdag, for å laga ein videosnutt, der folk blir bedne til kyrkja og får eit kort resyme kva sundagens gudsteneste handlar om.

Enkel

Presten seier han er litt enkel i tankegangen, og likar enkle problemstillingar og enkle svar, for å gjera det tydeleg.

- Eg har eit ekstremt sug sjølv etter å illustrera det eg seier.

Som oftast har talane til Arne hatt ein raud tråd med humor og visualisering, og det har kome mange gode tilbakemeldingar på at mange av tekstane har blitt illustrerte.

- Av og til har eg inntrykk av at folk vil kvelast av keisame og langtekkelege talar og surstoffmangel. Eg merker når eg held opp ein gjenstand, er det akkurat som om du opnar dørene og luft strøymer til. Plutseleg vaknar folk i kyrkebenkene og ser på det eg gjer - og lyttar.

Far til den kommande pensjonisten var prest og han kjeda seg mykje i kyrkja då han var barn. Derfor har han veldig sympati med dei som kjedar seg i kyrkja.

- For meg som prest har det vore viktig at folk ikkje skal sovna. Dette er grunnen til at han brukar humor når han preiker, for å vekka både seg sjølv og tilhøyrarane.

- I verda til trua og religionen kan du lett sveva tre meter over bakken, og da er det veldig godt å trekka ned på jorda slik at folk får litt jordsmak i munnen og føler litt skitt på fingrane. Det handlar om å koma nær livet, det er der eg føler me skal vera, meiner han.

Apropos enkelt og lite:

Ein gong Arne hadde kjøpt fiskeslukar av Steinar Alvestad på krambua i Alvestadkroken, gjekk han inn igjen og spurde om å få byta dei. Han tenkte at dei kanskje var litt store, og han ønska ikkje å få så stor fisk.

Arne hugsa at Steinar lo godt då, for det var fyrste gong i sitt liv kjøpmannen hadde høyrt at nokon ikkje ønska å få stor fisk, humrar presten.

Ideell gudsteneste

«Jesus er svaret, men kva er spørsmålet?»

Bibelpantomime på overhøyringsgudstenesta 28. april 2019. Jan Magne Moi - Eg har mange gonger følt på at dette humoristiske sitatet svarar på ein del spørsmål som ingen har stilt.

- Mitt ideal av ei gudsteneste, av ei preik, hadde i stor grad vore at folk hadde stilt spørsmål – at dei kunne levera inn tankane og spørsmåla sine, og at eg gjekk direkte inn på desse under preika.

Arne sin bruk av drama er også eit døme på enkel tankegang. Enkel regi har også bakgrunn i små ressursar, og ting må gjerast på kort tid, med kort innøvingstid – gjerne berre i 20-30 minutt før ei gudsteneste. Bibelpantomime (dramatisering av bibeltekstar utan tekst) brukar han mykje. Då er det som regel han som les teksten;

- Det er mykje enklare å få meininga fram då. Eg har forresten sterke og meiningsfulle opplevingar med konfirmantar som har slitt med ein del ting, og som utfoldar seg som gode skodespelarar i dramaspel.

Han gler seg også over det gode julespelet i Bokn. Det er noko som Wendy Riber sette opp første gong i Tysvær, og tok det med seg då ho flytta til Bokn. Ho og Arne jobba saman med å setta det opp i kyrkja. Nå har spelet blitt sett opp på julaftan i ei årrekke.

Det har vore gudstenester på nyttårsaftan sidan Millenniumsgudstenesta i 1999. Her frå nyttårsaftan 2003. Fv. Arne Aurdal, Gunn Bergvoll Larsen, Anne Tove Øvrebø, Rune Pedersen, Marianne Solli og Svein Ove Alvestad. Kari Hetland - Wendy har betydd mykje for utviklinga av det spelet, slår han fast.

Kyrkjelydsutvikling

- Evna til å fornya seg er viktig. Eg trur generelt at me skal bygga opp det kjente og nære. Folk treng nærkontakt. Eg har stor tru på små fellesskapsgruppe, der ein deler trua og livet og kan snakka saman.

- Noko av det som er fantastisk med Bokn er speidararbeidet. I kyrkjesamanheng betyr dette svært mykje for bygda, seier han.

Arne kjem også inn på utegudstenestene i Loten,

- Desse har også vore fantastiske i rundt 20 år, og med nesten berre fint vér og «høgt under taket».

Han fortel at soknerådsarbeidet har vore veldig interessant, særleg i dei seinare år. Presten nemner at dei på soknerådsmøta har ca. 30 minuttars samtale om sundagens preikentekst. Forskjellige innfallsvinklar til den teksten synest han har vore svært givande.

Apropos soknerådet:

På slutten av 1990-talet blei det diskutert å laga hol i steingarden bak kyrkja, for å få betre tilgang til bautasteinen over Asbjørn Kloster.  Arne fortel smilande at dåverande soknerådsmedlem Birger Lindanger i ettertid har fortalt det var skepsis i Soknerådet, men han undra seg over den nye presten, som ikkje kunne forstå at det skulle vera noko fare for at dei som låg på kyrkjegarden skulle stikka av gjennom holet i garden.

- Det syntest han var noko overraskande av presten, ler Arne.

Trening

Som pensjonist vil han trena meir. Han meiner det er viktig å komma seg opp om morgonen og halda seg i fysisk form.

- Då held du deg i mental form også.

Han har lagt opp to treningsøkter om morgonen to gonger i veka. Det går i padling, styrketrening og turgåing saman med Bjørn Fjeldheim, og trening med ei seniorgruppe ein annan vekedag.

- Så opplegget er ganske spikra, fortel ein som nyleg var på Boknahåve for fyrste gong. Han skryt av ein kjempeflott tur i vakre omgivnader.

Arne fotograferte ein del då ungane var små, før livet blei for hektisk. Som pensjonist vil han gå tilbake til barnealbumane og få orden på dei.

Han skyt også inn at dei nå har flytta ut av prestebustaden i Tysværvåg, og til Susort, der kona er frå.

- Eg har flott utsikt til Bokn kvar dag, smiler han.

Presten og Prøysen

Presten under samtalen 23. juni 2020. Jardar Havikbotn Han har lese mykje Alf Prøysen rundt på Haugalandet opp gjennom åra.

Fleire gonger har han også hatt besøk av klassekamerat frå barneskulen, Viggo Sandvik (tidlegare Vazelina Bilopphøggers). Dei opptredde m.a. i Tysvær og på Karmøy, med eit program basert på barneopplevingar, ispedd Prøysen- og nokre Vaselina-songar.

Presten likar godt å ta fram Prøysen. Seinast i jula 2019 las han på eit Boknatun-arrangement.


Arne understreker at han har likt seg utruleg godt på Bokn, med alle medarbeidarane og alle folka.

- Det har vore ein fornøyelse å samarbeida med alle i alle år. Det har vore ei sjeldan positiv haldning til kyrkja og presten.

Me ønsker han lukke til som pensjonist.