Avskjedsfest for Arne Aurdal

Arkivfoto frå mars 2016. Jan Magne Moi Arne Aurdal har vore sokneprest i Bokn sidan desember 1993. Han går av med pensjon 1. september og har sin siste offisielle gudsteneste søndag 23. august kl. 18.00 i Bokn kyrkje.

Av Jan Magne Moi

Etter gudstenesta, kl. 19.30 vil det vere dekka bord i Bokn Arena med ulike programinnslag. Du er hjarteleg velkommen.

På grunn av smittesituasjonen, må me ha påmelding både til kyrkja og til Bokn Arena.

Kommunelegen fortel at vanlege smittevernreglar gjeld med avstand og handvask. Han nemner likevel at dei som er sjuke eller ikkje kjenner seg i form, bør halde seg heime. Han seier også at folk som har vore utanlands seinare enn 10 dagar før arrangementet bør vere heime.

Påmelding til Jan Magne Moi, 91359668 (gjerne SMS)