Ordførar Egil Våge kuttar snora til Kystkuben. Dekoratørane av rommet, Linnea Elisabeth Palmer (til høgre) og Oleksandra Lisovska (Sasha) held snora. Heilt til venstre: Michelle Kallevik Våge og Thea Kristoffersen gler seg til døra går opp.
Åse Bratthammer
Opninga samla folk i alle aldrar. Kulturkaféen serverte mat og drikke, og det blei også servert kaker laga av Linnea Palmer og Oleksandra Lisovska. PC-ane blei raskt tekne i bruk, og mange fekk prøva ulike spel.
Prosjektet starta som eit initiativ frå biblioteksjef, ungdom og FAU Bokn skule, og blei seinare vedtatt i kommunestyret. FAU har tidlegare fått 100 000 kroner i støtte frå Sparebanken Norge, som har gått til PC-ar, stolar og anna utstyr til rommet.
Les også:
100 000 kr til ungdomsrom og makerspace bibliotek
Møteplass
Ordførar Egil Våge fortel at Kystkuben er tenkt som ein møteplass for både barn, ungdom og vaksne.
Stemningsfull kube når taklyset er av.
Stein Magnar Askeland-Gjerde
-Her skal det vera rom for e-sport, gaming, datakurs og digital opplæring, i tillegg til å vera ein sosial arena der ein kan møtast og spela saman, seier ein fornøgd ordførar.
Ung kunst
Ungdomsskuleelevane Linnea Palmer og Oleksandra Lisovska har malt og illustrert rommet. Som takk for arbeidet fekk dei spel og gåvekort.
Fleire bilde frå hendinga