100 000 kr til ungdomsrom og makerspace bibliotek

Full jubel i Ungdomsrådet 5. mai då Sparebanken Norge kom med stor pengesjekk til prosjektet. 

Bildet viser glade representantar i Ungdomsrådet. - Klikk for stort bileteJubel i Ungdomsrådet: fv. Albert Lindanger, Truls Foss, Magne Røsdal Lund, Espen Ognøy Våge og Anna Larsen. Sanne Øvrebø og Noah Hesthammer deltok via Teams. Eskil Bryningsland kunne ikkje delta på møtet. Lena Dybdal

Initiativet kjem frå biblioteksjef, ungdomsråd og FAU Bokn skule (Foreldra sitt arbeidsutval). Sistnemnde har søkt om støtte til prosjektet, kor bøker, teknologi og e-sport blir blanda saman. 

Planane er at biblioteket skal utvidast og det skal etablerast eit rom med to gamingmaskinar. Ønsket er å få eit utvida teknologisk miljø med fleire datamskinar, 3D-printar, AR-briller og teknodelar for robotisering.

Rommet skal bli ca. 20 m2 stort og romma plass til opp til fem datamaskinar.

Barn og unge sin arena

I søknaden heiter det at målet er at biblioteket skal vera attraktivt for ungdommar, som ein stad dei trivest - og for å lesa. Det skal skapast ein arena der vaksne kjem inn på barn og unge sin arena som rollemodellar og regulatorar.

Internett, gaming og sosiale medium er ein viktig del av barn og unge sin identitetsbygging. Som vaksen er det vanskeleg å veta korleis me kan snakka med barn og unge om det som skjer på skjermen, og for barn kan det vera vanskeleg å snakka om ei verd dei vaksne ikkje kjenner til eller kjenner seg igjen i.

Inkluderer fleire

Lene O. Foss frå Sparebanken Norge (nyleg samanslåing av Sparebanken Vest og Sparebanken Sør) er glad for at 60% av banken sitt overskot går ut til samfunnet, og at fleire i Bokn søker om prosjektmiddel. Om bibliotekprosjektet seier ho at det er viktig å få i gong fleire ting for barn og unge i Bokn, og ho har stor tru på at prosjektet vil inkludera fleire.

To andre prosjekt i Bokn fekk også støtte. Austre Bokn Bygdalag mottok 65 000 kr til ny kikkert på Vardafjellet, og Bokn motorsportklubb fekk 20 000 kr til aggregat for straum til klubbhus, lager, verkstad og belysning.