Nytt regelverk for straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar

Logo, Lotteri- og stiftelsestilsynet - Klikk for stort bileteLogo, Lotteri- og stiftelsestilsynet lottstift.no Lotteri- og stiftelsestilsynet overtar forvaltninga av ordninga. Søknadsskjemaet for april–juni opnar tidlegast i midten av august.

Regjeringa har vidareført tilskotsordning for frivillige organisasjonar som følge av dei ekstraordinære straumprisane til og med mars 2023.

I første tilskotsperiode desember 2021–mars 2022 blei tilskotsordninga forvalta av kommunane. Regjeringa har vedtatt å forlenga tilskotsordninga til og med mars 2023, og har vedtatt en ny forskrift for fordelinga av tilskotet. I perioden april 2022–mars 2023 vil tilskotsordninga bli forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Her er meir informasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet:

Strømstøtte for frivillige lag og organisasjoner

Søknadsskjemaet for april–juni opnar tidlegast i midten av august.