Ny diktsamling

Kjetil Eivind Hamre med si femte diktsamling; "vindens kjærteikn" Jardar Havikbotn Den lokale diktaren, Kjetil Eivind Hamre, gir denne hausten ut si femte bok; «vindens kjærteikn». Ho kan kjøpast på julemessa i Bokn Arena 3. nov. (kr. 249). Det blir bokslepp 18. november.

Poeten smilar breitt og meinar diktsamlinga, som inneheld 46 dikt og like mange bilde, er hans beste til nå. Tom Gaudland frå Lyrikkforlaget er einig i at boka er fullt på høgde med «Kjærleiksveven» frå 2016.

Le og grina

- Han skriv på dialekt og henvender seg dermed til eit lokalt publikum. Dikta er utan tvil forankra i lokalmiljøet. Kjetil klarar å behandla tema både humoristisk og lengselsfylt, så ein kan både le og grina når ein les boka. Forfattaren er også ein habil fotograf, og illustrasjonane sit som eit skot og er eit viktig supplement til tekstane. Boka kan nytast både i tekst og bilde, fortel Tom Gaudland.

Evigvarande modningsprosess

- Eg har blitt flinkare til å endra på dikta og flittigare med korrektur, seier Kjetil.

Han forklarar at det alltid er ei viss omskriving på eit dikt. Det er sjeldan at eit dikt er perfekt med ein gong.

- Dikta tar eg fram med jamne mellomrom og ser på dei – og skriv dei om viss det trengst. I utveljingsprosessen er det viktig å ha utviklingspotensiale til diktet i hovudet. Eg blir aldri heilt fornøgd i denne evigvarande skriveprosessen. Dette er på grunn at eg blir tryggare på meg sjølv, seier han.

Les også

Ny bok ("Kjærleiksveven")

Utgangspunktet for talet på dikt i boka har vore over det doble, som i «Kjærleiksveven». Dette gjeld også alderen på dikta. Dei fleste er fem, seks år gamle. Den nyaste diktet er «Flagget» på side 19. Dette blei skrive i fjor.

150 personar har også følgt poetens ferd mot målet i facebookgruppa «Jobb med bokmanus 5».

Stand og bokslepp

Både på julemessa og boksleppet kan ein sikra seg signerte bøker. Folk får også kjøpt tidlegare utgitte bøker, bortsett frå «i ord i bilder». Vipps eller kontant.

Boksleppet måndag 18. november vil bli i Auditoriet/Biblioteket. Dette vil ein koma tilbake til.

Tidlegare utgitt

2006: «med små bokstavar og korte skritt»
2008: «i ord i bilder»
2011: «Svarthvitt med nyanser i grått»
2016: «Kjærleiksveven»