Ny bok - Bokn kommune

Ny bok

Kjetil Hamre med "Kjærleiksveven"

11. nov. kom Kjetil Hamre si fjerde bok, Kjærleiksveven. Det blir sal, signering og drøs på boksleppet på Biblioteket 23. nov. kl. 19:00.

Den lokale diktaren er veldig godt fornøgd med diktsamlinga, som er på rundt 90 sider og kostar 249 kr. Ho er trykt i fargar med hardcover, og er illustrert av forfattaren sjølv.

Tilbake til røttene

Kjetil har brukt både bokmål, nynorsk og dialekt i bøkene sine, og den tredje boka han gav ut er på bokmål. Då Kjetil begynte å skriva, skreiv han på alle målføre. Den første diktsamlinga inneheldt flest dialektdikt, og det er det den lokale diktaren synest er mest morosamt og givande å jobba med, så nå går han tilbake til røttene.

- Språket ligg meg nærmare og det går an å vera mykje meir leken når eg skriv på dialekt. Eg blir ikkje bunden så fast i normar og reglar då, fortel han.

Den beste til nå

Tom Gaudland i Publica Bok AS bekrefter at det er den humoristisk-tenkande Kjetil som kjem fram igjen i «Kjærleiksveven».

- Forfattaren har ein særeigen måte å leika med ordene på. I denne diktsamlinga brukar han bevisst dialekt som verkemiddel, noko som fungerer bra, seier Tom Gaudland, som slår fast at dette er den beste diktsamlinga frå Kjetil til nå.

- Diktene tar for seg ulike tema, ofte med dybde. Poeten reflekterer over livets mange fasetter på ein ærleg måte, og tar uredd tak i vanskelege problemstillingar. Dette tilfører diktene fylde, fortel Gaudland.

Kjetil brukar også bevisst sosiale medier i kommunikasjon med lesaren, og interesserte kan m.a. følga med på vegen på boklansering på lukka facebookgruppe (med over 100 medlemmer).

- Fordi dei fortener det

Diktaren har jobba med samlinga sidan november 2014. Kjetil fortel at eit dikt blir til etter kvart, og i denne boka finst det dikt som er både 5, 6 og 7 år gamle. Han starta med 124 dikt. Kjetil har redusert til 55 dikt i "Kjærleiksveven" Han gir ut diktsamlinga mest for dikta sin del.

- Eg synst dei fortener eit publikum, seier han.

Bokslepp

Det blir bokslepp på Biblioteket onsdag 23. november kl. 19:00.

Tidlegare utgitt

2006: «med små bokstavar og korte skritt»
2008: «i ord i bilder»
2011: «Svarthvitt med nyanser i grått»