Museumstafett på Bokn

I øyriket Bokn finn vi usedvanlig mange fjæremannstufter yst mot havgapet. - Klikk for stort bileteI øyriket Bokn finn vi usedvanlig mange fjæremannstufter yst mot havgapet. haugalandmuseet.no I samarbeid med Bokn historielag inviterer Haugalandmuseet til museumstafett, torsdag 28. oktober kl. 19.00 i Bokn Arena, 2. etg. Tittelen er Fjæremannstuftene på Bokn - på jakt etter busettingar på Bokn!

I øyriket Bokn finn vi usedvanlig mange fjæremannstufter yst mot havgapet. Dette er dei fysiske restane av beskjedne husvære som nærmast låg i fjæresteinane for tusen år sidan. Dei er av arkeologar tolka som vitnesbyrd etter eit omfattande fiske frå jernalder og middelalder, og føyer seg inn i ei rekke av denne typen kulturminne som er påvist frå kysten av Østfold og Bohuslän i øst til kysten av Trøndelag i nord.

I dei seinare år har arkeologar ved Rogaland fylkeskommune via fjæremannstuftene på Bokn ny merksemd i forbindelse med opparbeiding av eit register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, i regi av Riksantikvaren.

Marianne Enoksen jobbar som arkeolog ved Rogaland fylkeskommune og vil fortelje om arbeidet med kulturlandskapet på Bokn og om fjæremannstuftene og den forskinga som er gjort på dei.

elkommen til Museumsstafett på Bokn – oppdag kunst og kultur på Haugalandet!

Kaffi og noko å bita i - velkommen!