Meld feil

Bilde frå Meld feil-sida. - Klikk for stort bileteBilde frå Meld feil-sida. Jardar Havikbotn Du kan melda inn feil elektronisk til kommunen. Dette gjeld avløp, fortau, lys, vatn, veg og anna. 

Vegar

Ved innmeling av feil på europa- og riksvegar samt fylkeskommunale vegar, kontakt Vegtrafikksentralen på tlf. 175, eller gå inn på 175.no.

Sjå vegkart.no for kva som er kommunale vegar i Bokn. Desse er utan vegnummer og har lysegul markering. Fylkeskommunale vegar har firesifra nummer og mørkare gul markering.

Meldingsskjemaet

Kontaktinformasjon om innsendaren vil ikkje vera synleg på internett, og er berre tilgjengeleg for saksbehandlaren. I skjemaet skriv du kort om problemet, og kan også lasta opp bilde.

Saka vil ligga på nettsida ein periode, og vil mellom anna innehalda nyttig informasjon for andre lesarar som har det same problemet.

Lenka til Meld feil ligg i blå knapp under søkefeltet i toppbildet på framsida av kommunen sin nettstad.