Markering av Kong Haralds si gravferd

Bokn kommune vil markera Kong Harald si gravferd i tråd med nasjonale tilrådingar.

Kong Harald V - Klikk for stort bileteKong Harald V Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff

Kommunale bygg vil halda fram med å flagga på halv stong fram til gravferdsdagen. På sjølve gravferdsdagen onsdag 9. september skal flagga heisast frå halve til full stong kl. 15.50.

Klokka 13.00 blir gravferda markert med eitt minutts stille over heile landet. Stilla blir innleidd med tre klokkeslag frå kyrkjene i landet. Klokka 13.01 blir avslutninga til stilla markerte med tre nye klokkeslag.

Bildet viser Kong Harald V i Arsvågen, då han opna ferjesambandet 26. juni 1991. - Klikk for stort bileteDen 26.juni 1991 vitja kong Harald Bokn. Her opnar han ferjeleiet på Are og helsar på Olaug Hognaland som i høve dagen framførde ein prolog. Han vann folket med humor og eit vinnande vesen. Mellom anna meinte han i talen at av Bokns 750 innbyggjarar, måtte minst 1500 ha vore til stades for å møta han i Arsvågen. Også kronprins Haakon sjarmerte mange, noterte Bokn Bygdablad. Elles vitja han sjukestova og helsa på alle over 80 år. Stein Alendal

Gravferdsdagen er ikkje ein offisiell fridag. Tenestene i kommunen vil derfor vera i ordinær drift. Samtidig blir tilsette og innbyggarar oppmoda til å visa respekt og verdigheit i samband med den nasjonale markeringa. Det vil vera naturleg å utvisa omsyn medan gravferdsseremonien går føre seg.

Den nasjonale tilrådinga er at planlagde kultur- eller idrettsarrangement på gravferdsdagen kan vurderast å bli avlyste eller utsetjast. Slike avgjerder må takast i kvar enkelt organisasjon. Arrangørar kan også vurdera å justera tidspunkta slik at dei ikkje fell saman med gravferdsseremonien.

Kong Harald har gjennom sitt lange virke hatt mykje å seia for landet og befolkninga. Bokn kommune ønsker å markera dagen med respekt og takksemd.