Leve heile livet

Illustrasjon, "Leve hele livet" unsplash.com Kva er viktig for eldre i Bokn? Bokn kommune ynskjer å invitere alle innbyggarar til dialogmøte, 23. januar 2020 kl. 17.30 – 19.30 i allrommet på Boknatun. Påmeldingsfrist: 21. januar kl. 10.

«Leve heile livet» er ei kvalitetsreform for eldre. I løpet av 2020 skal kommunestyret ta stilling til korleis reforma skal fylgjast opp i Bokn kommune. 
 

Dei fem innsatsområda i reforma omhandlar 

  • Aldersvennleg samfunn; å skape eit samfunn som legg til rette for alt eldre kan bidra og delta i samfunnet.
  • Aktivitet og fellesskap; å skape auka aktivitet, gode pasientopplevingar og fellesskap.
  • Mat og måltider; å redusere underernæring og skape gode mat- og måltidsopplevingar for den enkelte.
  • Helsehjelp; å auke mestringsevne og livskvalitet, forebygge funksjonsfall og gi rett hjelp til rett tid.
  • Samanheng og overgangar i tenestene; å auke tryggleik og forutsigbarhet i pasientløpet for eldre og deira pårørande.
     

Sjå program (PDF, 118 kB)

Me ynskjer å få innspel frå deg som innbyggar i kommunen på korleis kommunen, den einskilde innbyggar og frivillige lag og organisasjonar saman kan skape eit lokalsamfunn som det er godt å bu og leve i for den eldre befolkning.

Det blir enkel servering på møtet, men me må då be om påmelding. Påmelding kan sendast til gro.sorensen@bokn.kommune.no eller på telefon til servicetorget tlf 52752500. Frist for påmelding er tirsdag 21. januar kl. 10.