Klar til opning

Klatreparken opnar laurdag 9. juli kl. 10. - Klikk for stort bileteKlatreparken opnar laurdag 9. juli kl. 10. Geir Øvernes Klatreparken i Føresvik blir opna kl. 10 på Boknadagen, laurdag 9. juli. Is til alle barn.

Varaordførar Lene Ognøy Foss vil stå for opninga. Ho lovar is til alle barna som kjem.

Millionprosjekt

Kyrre Lindanger frå Sparebankstiftelsen SR-Bank vil også vera til stades. Stiftelsen har støtta prosjektet med ein halv million kroner. Kommunen har også fått 300 000 kr i spelemiddel og bevilga 200 000 kr i eigenandel.

Saka har pågått i fleire år. Parken skulle først byggast ved Bokn Arena, men blei ikkje godkjent av vegvesenet. Då det regulerte friområdet nedanfor Boknatun til slutt blei valt, tok det ikkje lang tid å realisera parken (februar-juni i år). 

Om parken

Selskapet Uniqa, som står bak klatreparken, har latt seg inspirera av kommunevåpenet og historia rundt dette.  Det har vore viktig for dei å bruka sjø og kommunen si fiskehistorie i både form av fargar og tema. Dei har valt fargar og design på utstyret med omsyn til både omgjevnader og busetnaden rundt.

Ein staseleg klatrepark med panoramautsikt. - Klikk for stort bileteEin staseleg klatrepark med panoramautsikt. Geir Øvernes Området er tilpassa rullestolbrukarar. Gummidekke gjer at det er lett å komma seg rundt i parken. På klatreapparatet kan ein trilla seg under klatreapparatet, sitta i reilene og treningsapparatet har eigen funksjon for rullestolbrukarar. Dei håpar å bidra til å fremja aktivitet i kvardagen og tiltrekka til seg både barn og vaksne, for å leika og trena saman.

Nedanfor parken er det sådd i blomstereng, og det vil på sikt bli plassert ut ein benk der foreldre og andre som treng ein pust i bakken kan setta seg ned og kvila eller nyta den flotte utsikta over Føresvik.

Boknadagen 2022

Denne opninga er berre ein liten del av årets boknadag. Mellom anna skal det vera dåp av RC Triton kl. 11 og ellers ein god gammaldags marknadsdag.