Kampen mot landøyda

Landøyde - Klikk for stort bileteLandøyde Arne J. Lyshol. Det er stort fokus på planten landøyde om dagen, som er giftig for både menneske og dyr. Revidert utgåve, 16.08.22.

Den gule urten har spreidd seg mykje dei siste åra, særleg i ytre Rogaland. Nå kan du vera med i kampen mot planten, med å riva han opp med rota, legga han i ein plastpose/sekk og hiva han i restavfallet. Hugs hanskar så du ikkje får plantesaft på fingrane.

Enkelte brenner også ugraset, eller grev det ned - slik som Kari Christensen i Krovågen. Dei har kjempa mot landøyda i fleire år, fortel ho.

Landøyda er fin å sjå på og faktisk nasjonalblomst på Isle of Man. Men uønska i norsk natur.

Råd frå Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS

HIM bekrefter at restavfallet deira går til forbrenning og at planten dermed kan hivast der, men han må pakkast godt inn, slik at ein unngår spreiing av plantedelar.

Avfallet kan også leverast til miljøpark, men då må det opplysast om kva dei har med og at det må til forbrenning.

Dei opplyser også om at dersom svartelista planter skal gravast ned, må dei dekkast med eit 5 meter tjukt jordlag. Dette eignar seg med andre ord ikkje for private å gjera.