Innsparingar

Det blir ikkje felles fyrverki i år. Her frå Grunnlovsjubileet i 2014. - Klikk for stort bileteDet blir ikkje felles fyrverki i år. Her frå Grunnlovsjubileet i 2014. Kjetil E. Hamre Det er med stor bekymring me har mottatt informasjon om vesentlege ekstrautgifter for kommunen.

Av ordførar Osmund Våga

I forbindelse med koronaepidemien har det blitt store ekstrautgifter, bl.a. til overtid for dei tilsette.

Me er glade for at dei stiller opp, og dei har gjort ein imponerande innsats, men det har ført til store utgifter for kommunen. Tidlegare blei me fortalt at staten ville dekke dette men nå ser det ikkje så sikkert ut. Me har tatt opp dette med staten og håpar at me får dekka ekstrautgiftene.

Eigedomsskatt frå Kårstø og inntekt frå Havbruksfondet vil bli mindre enn tidlegare år.

I tillegg har me veldig store energikostnader. Her reknar me med over 2 mill. i ekstrakostnad i 2022. Det er inga støtteordning for kommunane, det har me også bede staten om.

Totalt sett vil me nok gå i minus i rekneskapen for 2022.

Energibruken

Så då må me spare inn der me kan.

Nå med høge energiprisar er det ein stor kostnad for kommunen med gratis elbillading. Så me har beslutta å stenge utvendige stikkontaktar fram til det kan innstallerast ei løysing med betaling for dette.

Og eg vil oppfordre alle, både tilsette og andre, til å tenke over energibruken i kommunen. Skru av lys og skru ned temperatur i rom som ikkje er i bruk.

Ikkje fyrverkeri

I denne situasjonen er det nok heller ikkje noko godt signal å bruke kommunale pengar på fyrverkeri. Det har vore populært med felles fyrverkeri, men vi får komme tilbake til det eit anna år.

Me har hatt slike utfordringar tidlegare, og har klart oss gjennom det, og det skal me klare denne gongen også.

Men det blir nok eit stramt budsjett for 2023.