Gåve frå Haugaland Kraft

pixabay.com Haugaland Kraft har gitt 5 millionar kroner i gåve til økonomisk vanskelegstilte innbyggarar i dei kommunene Haugaland Kraft har verksemd. Bokn kommune har i ein fordelingsnøkkel fått kr 21 000 av desse midla.

Fordelinga skal organiserast av seksjon oppvekst og kultur, i samarbeid med lag og organisasjonar som har relevante tilbod til formålet. Meir informasjon om prosjektet blir sendt alle lag og organisasjonar i Bokn.

Søknadsskjema

Frivillige lag og organisasjonar i Bokn kan søka. Kontaktperson er kommunalsjef oppvekst og kultur, Ingrid Sofie Rundhaug, og søknad skal sendast ingrid.sofie.rundhaug@bokn.kommune.no. Søknadsfrist: 14. august.

Felt merka med * må fyllast ut