Frivillighet på Bokn

Klikk for stort bileteFrivillige lag og organisasjonar på Bokn, men også andre interesserte, er hjarteleg velkomne til å delta på ein presentasjon av kartlegginga av frivillig sektor på Bokn 2020, 8. april kl.18.00 – 19.30 på Teams.

 

PROGRAM

Velkommen v/ordførar Osmund Våga
Presentasjon av kartlegginga av frivillig sektor v/Siri M. Løseth Frivillig Norge
Diskusjon rundt funn og utfordringsbilete
Takk for no

Midlar

Koronasituasjonen gjer at vi ikkje kan treffast fysisk. Det inneber difor at vi ikkje kan invitere deltakarar til noko bevertning. Vi inviterer i staden til fylgjande:

Frivillige lag og organisasjonar får ein sum per unike person som deltar på teamsmøtet 8. april.

Skriv difor kva frivillig lag eller organisasjon du tilhøyrer når du melder deg på. Den samla summen vil bli overført til rett organisasjon etter møtet. Vi oppfordrar til at midlane blir brukte til t.d eit medlemsmøte i regi av den enkelte organisasjon, når smittesituasjonen tilseier det. Temaet for samlinga kan vere gjennomgang av planen når den er ute på høyring.

Målet er at planen skal opp til politisk behandling i september 2021.

Påmelding snarast og innan 7. april til kulturkontoret. Lenke til møtet vil bli tilsendt etter påmelding.

Velkommen!

Meir informasjon om prosjektet (PDF, 109 kB)