Flinke speidarar!

Fornøgde speidarar etter ryddeøkta i Skodahabn, 14.09.21. - Klikk for stort bileteFornøgde speidarar etter ryddeøkta i Skodahabn, 14.09.21. Elise Marie Bryningsland Strandryddeveka 2021 er her. Ei speidargruppe hadde ei god kveldsstund i Skodahabn 14. september.

I Skodahabn er det alltid søppel. I dei fem åra me har hatt med organisert strandrydding i Bokn, har ingen vore arbeidslause i dette området.

Speidargruppa, med 11 barn og fem vaksne, plukka nesten to fulle storsekkar (1 000 liter). Friluftsrådet Vest hentar desse med båt etter strandryddeveka. Elise Marie Bryningsland fortel at dei plukka lite av store ting, men mest smått - mellom anna mange korkar. 

Nå er det mykje smått graps som ligg igjen. Me håpar å ta ein tur ut med strandstøvsugaren i denne strandryddeveka, dersom véret tillet det.

Glimt frå ryddeøkta:


Les også

Flinke skuleelevar

Bli med!

Vil du vera med på strandryddeveka? Det står containerar fire stader i Bokn; Tåganes, Føresvik, Alvestadkroken og Hognaland - klare til å fyllast opp med marint avfall. Det ligg også sekkar og hanskar ved containerane.

Storsekkar og ellers alt av ryddeutstyr får du på kulturkontoret.

Dei som registrerer seg i eventet, er med i trekninga om T-skjorter og buffers.